Engelbrecht Finne

fut og stortingsrepresentant

Engelbrecht Finne (11. august 17885. februar 1867) var ein norsk byfut og stortingsmann, fødd på Hisøy i Aust-Agder.

Engelbrecht Finne
Fødd 11. august 1788
Hisøy
Død

5. februar 1867 (78 år)
Risør

Yrke jurist, politikar

Finne var son til ein sorenskrivar. Sjølv gjekk han på Frederiksberg skole i København, uteksaminert 1806, og vart cand.jur. i Christiania i 1815. Deretter arbeidde han som fullmektig hos faren, som var sorenskrivar i Nedenes. Frå 1824 var Finne i fleire år fungerande sorenskrivar i Nedenes, mellom anna då det vart forhandla om å dele Nedenes sorenskriveri. Frå 1835 til 1860 var Finne byfut og byskrivar i Risør.

Finne var varamann til Stortinget 1839 for valkrinsen Østerrisør. Han representerte så valkrinsen på Tinget både i 1842 og 1845, der han var medlem av protokollkomiteen. Ved valtinget til 1848-stortinget bad han seg fri for val.

Han døydde ugift i Risør i 1867.

KjelderEndra