Englische Suiten

(Omdirigert frå Engelske suitar)

Englische Suiten, BWV 806–811 («Engelske suitar») er ei samling av seks suitar komponert av Johann Sebastian Bach for cembalo. Dei vert generelt rekna for å vere dei tidlegare av dei 19 suitane Bach skreiv for klaver. Dei andre er seks Französische Suiten (franske suitar), BWV 812-817, seks partitaer, BWV 825-830 og Ouverture i fransk stil, BWV 831.

Historie endre

Desse seks suitane for klaver meiner ein er dei første Bach komponerte. Opphavleg trudde ein dette var mellom 1718 og 1720, men nyare forsking har vist at dei truleg vart komponert tidlegare, rundt 1715, då komponisten budde i Weimar.

Bach sine engelske suitar syner mindre likskap med den engelske barokke klaverstilen enn dei franske suitane gjer til den franske barokke klaverstilen. Namnet «engelsk» trur ein kjem frå påstanden til Bach-biografen Johann Nikolaus Forkel på 1800-talet om at desse verka kan ha vorte komponert for ein engelsk adelsmann. Det finst ingenting som tyder på dette. Det har òg vorte foreslått at namnet er ei hyllest til Charles Dieupart, som var mest kjend i England. Han skreiv Six Suittes de clavessin som dei Bach sine engelske suitar delvis var baserte på.[1]

Dei seks engelske suitane endre

  • Første suite i A-dur, BWV 806
Preludium, Allemande, Courante I, Courante II, Sarabande, Bourrée I, Bourrée II, Gige
  • Andre suite i a-moll, BWV 807
Preludium, Allemande, Courante, Sarabande, Bourrée I, Bourrée II, Gige
  • Tredje suite i g-moll, BWV 808
Preludium, Allemande, Courante, Sarabande, Gavotte I, Gavotte II, Gige
  • Fjerde suite i F-dur, BWV 809
Preludium, Allemande, Courante, Sarabande, Menuett I, Menuett II, Gige
  • Femte suite i e-moll, BWV 810
Preludium, Allemande, Courante, Sarabande, Passepied I, Passepied II, Gige
  • Sjette suite i d-moll, BWV 811
Preludium, Allemande, Courante, Sarabande, Gavotte I, Gavotte II, Gige

Kjelder endre

  1. Grove's Dictionary of Music og Musicians, 5. utg., 1954, Eric Blom, ed.

Bakgrunnsstoff endre