Engvald Bakkan
norsk skribent
Engvald Bakkan (fødd Salvesen, 20. august 1897–3. juli 1982) var ein norsk forfattar fødd i Åmli i Aust-Agder. Han gav ut romanar og noveller med motiv og handling frå Åmli i eldre tid, mellom andre trilogien Krossen er din. Han fekk Gyldendals legat i 1953.
Engvald Bakkan | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. august 1897 i Åmli |
Død | |
Yrke | skribent, barnebokforfattar |
Periode | 1930-1976 |
Debut | Svarteper og dei andre |
Bøker
endre- 1930 – Svarteper og dei andre – Barnebok
- 1931 – Den kvelvde skåla – Roman
- 1939 – Men han var Aleksander – Roman
- 1942 – Bjørnen, reven og Pinn-Ola på eventyr – Barnebok
- 1944 – Hos farfar og farmor – Barnebok
- 1947 – Krossen er din 1: Rakel og kvervelvinden – Roman
- 1948 – Krossen er din 2: Gjenom fossane – Roman
- 1952 – Krossen er din 3: Regnbogen i toreskya – Roman
- 1953 – Det blinde hjarta – Noveller
- 1972 – Noveller i utval
- 1976 – Ei kvern som mel – Noveller
Bakgrunnsstoff
endre- Engvald Bakkan på Allkunne
- Digitaliserte bøker av Engvald Bakkan hjå Nasjonalbiblioteket
- Komitéen for Engvald Bakkan-jubiléet, red. (1997). Vegen til regnbogen : av og om Engvald Bakkan til 100-årsdagen i 1997. Åmli: Komitéen for Engvald Bakkan-jubiléet. ISBN 8290970137.
- Thor Thorsen (1997). Krossen er din : ein studie i Engvald Bakkans forfattarskap. Åmli: Åmli historielag og Åmli mållag. ISBN 8290970129.
- Utgjevingar av Engvald Bakkan i BIBSYS Ask[daud lenkje]