Enok O. Simonnæs

norsk fotograf

Enok Olai Matias Simonnæs (7. november 185624. juli 1947) var ein norsk fotograf frå Sande, busett i Ålesund. Han arbeidde som fotograf i Ålesund frå 1885 til 1920.

Enok O. Simonnæs
Fødd 7. november 1856
Sande
Død

24. juli 1947 (90 år)

Yrke fotograf

Liv og gjerningEndra

Simonnæs var frå garden Simonnes i Sande. Han etablerte seg som fotograf i Ålesund i 1885 og var ein av dei store fotografane i Ålesund. Heile arkivet hans gjekk tapt i bybrannen i 1904. Glasplatearkivet hans frå åra etter 1904 er teke vare på av Aalesunds Museum. Frå 1998 vart dei første glasplatene i Simonnæsarkivet digitalisert av FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal (FAK). I 2003 starta eit omfattande digitaliserings- og registreringsprosjekt saman med DIS, - Foreininga data i slektsforskinga avd. Ålesund og Sula. Frå 2009 er over 18 000 Simonnæs-bilete tilgjengelege på verdsveven/internett.

Kjell Skorgevik gav i 1985 ut boka Fotografer i Ålesund i glassplatenes tid. I dette viktige bidraget til norsk fotohistorie og byhistoria til Ålesund finn ein den første fyldige biografien om fotografen Enok O. Simonnæs.

KjelderEndra

  • Sandesoga, band III. Volda 1977

BakgrunnsstoffEndra