Enrico Caruso
Enrico Caruso (25. februar 1873–2. august 1921) var ein verdskjend italiensk operatenor. Han opptredde ved store operahus i Europa og Amerika med rollar hovudsakleg frå fransk og italiensk opera. Caruso gjorde også rundt 290 opptak som blei gjevne ut på grammofon mellom 1902 og 1920.
Enrico Caruso | |||
| |||
Fødd | 24. februar 1873 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Provinsen Napoli, Napoli | ||
Død | 2. august 1921 (48 år) | ||
Dødsstad | Napoli | ||
Fødenamn | Enrico Caruso | ||
Alias | Karuzo, Enriko | ||
Opphav | Kongedømet Italia | ||
Aktiv | 1894–1921 | ||
Sjanger | opera | ||
Instrument | vokal | ||
Stemmetype | tenor | ||
Plateselskap | Victor Talking Machine Company | ||
Verka som | operasongar | ||
Mor | Anna Baldini | ||
Far | Marcellino Caruso | ||
Gift med | Dorothy Caruso | ||
Born | Gloria Grazianna Victoria America Caruso, Enrico Caruso Jr. | ||
Prisar | Grammy Lifetime Achievement Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame |
|
||||||||||||||||
Problem med å høyra desse filene? Sjå mediahjelp. |
Bakgrunn
endreErrico Caruso var fødd i Napoli i ein lite velståande familie der faren var metallmekanikar og mora vaskedame. Han var den tredje av sju ungar. Errico gjekk på skulen men slutta i tiårsalderen for å bli lærling hjå ein fontenemekanikar, og arbeidde seinare òg saman med faren. Mora insisterte på at han skulle fortsetja utdanninga, og han gjekk på kveldsskule og fekk noko opplæring av ein prest. Mora Anna Baldini Caruso døydde i 1888. Kort tid seinare gifta faren Marcellino seg på nytt med Maria Castaldi.
Caruso song også i kyrkjekoret og viste seg å ha ein imponerande stemme. Han byrja opptre som gatesongar, på kafear og småkonsertar, og fekk opplæring i stemmebruk frå han var 16. Songlæraren hans, Guglielmo Vergine, føreslo at han skulle endra den lokale forma av namnet sitt, Errico, til den standard italienske Enrico.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Enrico Caruso» frå Wikipedia på engelsk, og «Enrico Caruso» frå Wikipedia på italiensk den 10. desember 2010.