Ensemble (fransk for 'saman', av seinlatin insimul, 'samtidig') er ei gruppe kunstnarar som verkar saman som eit heile.[1] Omgrepet blir mykje brukt innan musikk, dans og drama.

Taarab-ensemble frå Zanzibar.

I samband med dans og drama kan det visa til det kunstnariske personalet ved ein institusjon, som eit teater, eit operahus eller ein ballettinstitusjon.[2]

Musikk endre

Eit musikkensemble er ei gruppe musikarar eller songarar som framfører eit særskilt repertoar saman.[2] Musikarane kan spela ulike eller same type instrument, som stryke-, blåse- eller perkusjonsinstrument. Ensemblet kan ha namn etter musikktypen det speler, som jazzensemble eller folkemusikkensemble.

I instrumentalmusikk viser ensemble til besetningar som trio, kvartett, kvintett og liknande.[3] Musikkensemble er gjerne mindre grupper, medan orkester ofte har fleire musikarar.

I opera viser ensemble til eit avsnitt for meir enn to songarar, eller for solistane saman med koret. Nemninga blir brukt tilsvarende i samband med kantate, oratorium og messe.[3]

Annan bruk endre

Ordet «ensemble» er også brukt om ei samanstilling av ulike ting som passar saman til eit heile, særleg om ein klesdrakt sett saman av ulike avstemte plagg.[1][2]

Kjelder endre