Entente cordiale (fransk for «hjarteleg overeinskomst») er ei samling avtalar inngått 8. april 1904 mellom Storbritannia og Frankrike, opphavleg berre for å regulera forholda mellom interessene dei to landa hadde i Afrika.[1]

Monument til l'Entente Cordiale i Vernet i Pyrénées-Orientales i Frankrike.

Utover kolonisakene som var direkte omhandla i avtalen, markerte underteikninga av Entente cordiale slutten på fleire hundreår med tilbakevendande konflikt mellom dei to nasjonane, og starten på den fredelege sameksistensen som har halde fram til i dag.

Russland slutta seg til samarbeidet i 1907, snakka ein om Trippelententen. Dermed var grunnlaget også lagt for det diplomatiske og militære samarbeidet mellom dei tre landa i forløpet til den fyrste verdskrigen.[2]

Galleri

endre

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. Hobson 2015, s. 317, 321
  2. Hobson 2015, s. 321