Eon Millionar år sidan
Fanerozoikum 542 Ma (millionar år sidan) og fram til i dag
Proterozoikum 2500 Ma– 542 Ma
Arkeikum 3600 Ma – 2500 Ma
Hadeikum Danninga av Jorda til 3600 Ma

Eon er eit tidsuttrykk som vert mykje nytta i geologi. Eit eon i geologi er den største tidsperioden som historia til jorda vert delt inni. Eonet fanerozoikum, som er om lag 550 millionar år langt, dekker heile perioden frå den gong det var overflod av dyr med hardt skall som det vart fossil av.

Eonotemet er eit tilsvarande system for klassifisering i stratigrafi, som er eit fag innan geologi. Faget omfattar klassifisering av berglag som er lagt ned i ein periode som tilsvarar eit spesifikt eon. Eon og eonotem har vanlegvis dei same namn og er oppretta av International Commission on Stratigraphy (ICS), så ratifisert av den moderorganisasjonen International Union of Geological Sciences (IUGS).

Eit eon er vidare delt inn i fleire geologiske æraer, som igjen er delt inn i geologiske periodar, som så består av fleire geologiske epokar. Den minste inndelinga i systemet er geologiske stadia, som ekspertar nyttar til å gje dei mest nøyaktige dateringsestimata.

Ordsoga endre

Eon er eit internasjonalt vitskapsord lånt frå gresk αἰών aiōn, som er same ordet som vårt æve: jf. førklassisk gresk aiwōn og urgermansk *aiwīn, opphavet til gamalnorsk ævi.