Hadeikum
4567.17 - 3800 million år sidan
Geologiske periodar
sjå • diskuter • endre
-4500 —
-4000 —
-3500 —
-3000 —
-2500 —
-2000 —
-1500 —
-1000 —
-500 —
0 —
Skala:
Millionar år sidan

Hadeikum er det geologiske eonet før arkeikum. Perioden startar då jorda vart danna for 4,6 milliardar år sidan og enda for om lag 3,8 milliardar pr sidan, men sistnemnde varierer noko i forskjellige kjelder. Namnet «hadeikum» kjem frå Hades, namnet på underverda i gresk mytologi, og viser til tilhøva som var på jorda i denne perioden. Geologen Preston Cloud gav namn til uttrykket i 1972, og meinte å nytte det om perioden før dei fyrste kjende bergartane oppstod på jorda. W. B. Harland kom seinare med eit uttrykk for nesten same tidsperiode, den priskoiske perioden. Eldre bøker og tekstar referer til eonet som prearkeikum.

Inndeling endre

Sidan det er få geologiske spor frå denne perioden på jorda finst det inga offisiell inndeling. Innanfor hadeikum har ein derimot fleire kjende tidsperiodar på månen, og desse vert stundom uoffisiellt nytta om same tidsperiodar på jorda.

Bergartar frå hadeikum endre

Dei siste tiåra av 1900-talet klarte geologar å finne nokre få hadeiske bergartar vest på Grønland, nordvest i Canada og i Vest-Australia. Dei eldste kjende bergartane, Isua-grønsteinen, består av sediment frå Grønland datert til å vere rundt 3,8 milliardar år gamle, men dei er noko endra av vulkanske gangar som trengde inn i steinen etter dei vart sett av. Individuelle zirkonkrystallar i sediment i Vest-Canada og Jack Hills-området i Vest-Australia er mykje eldre. Dei eldste zirkonkrystallane ein har funne er om lag 4,4 milliardar år gamle[1] — ikkje lenge etter ein meiner jorda vart til.

Sedimenta på Grønland inkluderer lægje med lagdelte jernrike bergartar. Desse inneheld kanskje organisk karbon og det inneber at fotosyntetisk liv kanskje allereie hadde oppstått på denne tida. Dei eldste kjende fossilane (frå Australia) er nokre hundre millionar år yngre.

Det seine tunge bombardementet skjedde under hadeikum og påverka både jorda og månen.

Atmosfære og hav endre

Det må ha vore ganske mykje vatn i stoffet som forma jorda.[2] Vassmolekyl ville ha forsvunne frå jorda sitt tyngdefelt før planeten fekk ein radius på om lag 40 % av den noverande storleiken, og etter å ha oppnådd denne storleiken ville vatn og andre flyktige stoff vortne verande.[3] Hydrogen og helium er venta å halde fram å leke ut frå atmosfæren, men mangel på tyngre edelgassar i dagens atmosfære tyder på at det skjedde noko katastrofalt i den tidlege atmosfæren.

Ein meiner at då planeten enno var særs ung kolliderte han med ein annan stor planet, og denne samanstøyten skapte månen. Ein slik kollisjon ville ha ført til smelting av overflata i eitt eller to store område. Dagens samansetjing tyder på at det ikkje var snakk om ei total smelting, attåt at det er vanskeleg å smelte og blande store steinmassar heilt.[4] Ein del av steinane må ha fordampa under ein slik samanstøyt og steinane ville ha fordampa inn i atmosfæren rundt den unge planeten. Denne dampen ville ha kondensert i løpet av to tusen år og ville etterlate varme flyktige stoff som truleg førte til tung karbondioksid i atmosfæren med hydrogen og vassdamp. Flytande hav eksisterte trass i at overflatetemperaturen var rundt 230 °C på grunn av det høge lufttrykket til den tunge CO2-atmosfæren. Etter kvart som avkjølinga tok til, førte subduksjon og oppløysing i hava til at det meste av CO2 forsvann frå atmosfæren, men mengdene svinga kraftig etter kvart som ny overflate og mantel vart produsert.[5]

Studiet av zirkonar har vist at det må ha eksistert flytande vatn på tida då dei vart danna, for 4,4 milliardar år sidan, like etter jorda blei danna.[6][7][8] Dette krev òg at det må ha eksistert ein atmosfære.

Kjelder endre

  • Dineley, D. L. (2000), «Hadean eon», i Paul Hancock and Brian J. Skinner, The Oxford Companion to the Earth., Oxford University Press 
  • Denne artikkelen bygger på «Hadean» frå Wikipedia på engelsk, den 17. august 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Valley, John W., William H. Peck, Elizabeth M. King (1999) Zircons Are Forever, The Outcrop for 1999, University of Wisconsin-Madison Wgeology.wisc.edu Arkivert 2012-03-16 ved Wayback Machine. – Evidence from detrital zircons for the existence of continental crust and oceans on the Earth 4.4 Gyr ago
    • Wilde S.A., Valley J.W., Peck W.H. and Graham C.M. (2001) Evidence from detrital zircons for the existence of continental crust and oceans on the Earth 4.4 Gyr ago. Nature, v. 409, s. 175-178.
    • Wyche, S., D. R. Nelson and A. Riganti (2004) 4350–3130 Ma detrital zircons in the Southern Cross Granite–Greenstone Terrane, Western Australia: implications for the early evolution of the Yilgarn Craton, Australian Journal of Earth Sciences Volume 51 Zircon ages from W. Australia - samandrag Arkivert 2006-07-13 ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff endre

Prekambrium Fanerozoikum  
Hadeikum Arkeikum Proterozoikum