Epipactis helleborine ssp. orbicularis
underart i planteriket
Epipactis helleborine ssp. orbicularis | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Epipactis | ||
Art: | E. helleborine | ||
Vitskapleg namn | |||
Epipactis helleborine ssp. orbicularis
(K.Richter) E.Klein
| |||
Økologi | |||
Habitat: | kalkrik skog |
Epipactis helleborine ssp. orbicularis er ei plante i flangreslekta Epipactis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Ho finst ikkje i Noreg.
Utbreiing
endrePlanta er i den svenske Artdatabanken rekna som ein underart av breiflangre, med det svenske namnet tallknipprot. I Sverige finst underarten på sandbakke i tørr skog på Gotland og Öland og på fastlandet heilt i sør.[1] Han er ikkje vurdert separat for raudlistestatus.[2] Denne underarten er òg registrert i Estland.[3] I Plants of the World Online er planta ikkje rekna som ein eigen underart, men som eit synonym for skogbreiflangre.[4]
Referansar
endre- ↑ Sven Birkedal og Karel C.A.J. Kreutz (2009). «Knipprötter i Skåne». Botaniska notiser 142 (4): 1–11.
- ↑ «Artfakta: Epipactis helleborine subsp. orbicularis tallknipprot». Artdatabanken. Henta 5. mars 2022.
- ↑ «eElurikkus: Epipactis helleborine subsp. orbicularis» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 4. februar 2023.
- ↑ «PoWO: Epipactis helleborine subsp. orbicularis». Plants of the World Online. Henta 7. mars 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Epipactis helleborine ssp. orbicularis i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Epipactis helleborine ssp. orbicularis hos Dyntaxa
- (en) Epipactis helleborine ssp. orbicularis hos The International Plant Names Index
- (en) Epipactis helleborine ssp. orbicularis hos Tropicos