Breiflangre

planteart
(Omdirigert frå Epipactis helleborine)
Breiflangre

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Epipactis
Art: E. helleborine
Underartar
Vitskapleg namn
Epipactis helleborine
(Linné) Crantz
Økologi
Habitat: kalkrik skog
Utbreiing: Eurasia

Breiflangre (Epipactis helleborine) er ei planteflangreslekta Epipactisorkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1] I raudlistevurderiga 2021 er arten rekna som livskraftig (LC).[2]

Utsjånad

endre

Breiflangre kan bli kring 80 centimeter høg, under gode tilhøve stundom over 1 meter, og har eit aks av blomar med fargetonar som kan variere i grønt, brunt, fiolett eller raudt. Blada, som sit vekselvis oppover stengelen, er noko breiare enn hos raudflangre.

Systematikk

endre

Artsdatabanken bruker prinsipielt separate namn på ulike taksonomiske nivå. Her har ein vald å bruke det innarbeidde namnet breiflangre på arten og gi eit nytt namn til nominatunderarten, som har fått namnet skogbreiflangre.[3]

Underartane i Noreg er:[3]

I den svenske Artdatabanken er det oppgitt ein underart til i Sverige:[4][5]

Utbreiing

endre

Breiflangre veks naturleg i Europa og Asia, og er òg introdusert til Nord-Amerika. Arten er knytt til kalkrik (alkalisk) skog. I Noreg er han vanleg han over store delar av landet, men ikkje i høgareliggjande område på Austlandet eller lengst nord i landet.

Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn skogsknipprot),[5] i Danmark (LC, dansk namn skov-hullæbe)[6] og i Finland (LC, finsk namn lehtoneidonvaippa).[7]

Breiflangre (engelsk namn broad-leaved helleborine) er vanleg over det meste av Dei britiske øyane. I både den britiske og den irske raudlista har arten status som livskraftig (LC),[8][9] på same måte som lokalt i England og Wales,[10][11] og han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[12] Underarten ssp. neerlandica (dyneflangre) er rapportert frå Wales, men er så langt ikkje endeleg stadfesta, og står i raudlista på venteliste (WL).[8][13] Andre forekomstar på Dei britiske øyane er nominatunderarten. Ei noko avvikande form, som stundom har vore rekna som ein eigen art (kalla E. youngiana), blir no rekna for høgst å vere ein varietet av underarten skogbreiflangre (E. helleborine ssp. helleborine var. youngiana).[8][14]

I Estland (estisk namn laialehine neiuvaip) er breiflangre vanleg over heile landet og er rekna som livskraftig (LC).[15] I Latvia (latvisk namn platlapu dzeguzene)[16] er arten temmeleg vanleg over heile landet og står ikkje som truga på den latviske raudlista.[17] I Litauen (litauisk namn plačialapis skiautalūpis) veks arten over heile landet, men er mest vanleg der et er mykje kalk i grunnen og mindre vanleg der det er mykje sand.[18] Han er rekna som livskraftig.[19]

I Benelux er arten (nederlandsk namn brede wespenorchis, fransk namn épipactis à larges feuilles) vanleg i Nederland, så òg både i Flandern og Vallonia i Belgia.[20][21] I den nederlandske raudlista er arten rekna som livskraftig (LC, thans niet bedreigd),[22] I Belgia er han rekna som livskraftig i Flandern (LC, momenteel niet in gevaar) og i Vallonia (LC, préoccupation mineure).[23][24] I Luxembourg er han òg rekna som livskraftig (LC).[25]

Hybridar

endre

Dei kjende hybridane med breiflangre gjeld nominatunderarten skogbreiflangre.

Hybriden med raudflangre (Epipactis atrorubens × helleborine ssp. helleborine eller Epipactis ×schmalhausenii)[26] er registrert i Østfold og finst truleg fleire stader i Noreg.[27] Han er kjend frå Sverige[28] og Storbritannia,[29] medan eit herbarieeksemplar frå Møn i Danmark kan vere feilbestemt.[30]

Hybriden med snauflangre (Epipactis helleborine ssp. helleborine × phyllanthes eller Epipactis ×bruxellensis)[31] er registrert i Sverige[32] og er funnen i herbariemateriale frå Sjælland i Danmark.[30] Hybriden med purpurflangre (Epipactis helleborine ssp. helleborine × purpurata eller Epipactis ×schulzei)[33] er sjeldan i Danmark, men er funnen nokre stader aust på Jylland og på Falster.[30] På Dei britiske øyane er han registrert mange stader i Sør-England.[29] Hybriden med grønflangre (Epipactis helleborine ssp. helleborine × leptochila eller Epipactis ×stephensonii)[34] er rapportert frå sør i England, men ikkje verifisert.[29]

Hybridar med Epipactis dunensis (Epipactis dunensis × helleborine ssp. helleborineer kjend frå mange stader i Skottland.[29] I Nederland er det òg registrert ein hybrid med Epipactis muelleri (Epipactis helleborine ssp. helleborine × muelleri eller Epipactis ×reinekei).[35]

Referansar

endre
  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar breiflangre». Artsdatabanken. Henta 4. mars 2022. 
  2. «Raudlista: Breiflangre». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 4. mars 2022. 
  3. 3,0 3,1 «Artsdatabanken: Namnetre breiflangre». Artsdatabanken. Henta 4. mars 2022. 
  4. Sven Birkedal og Karel C.A.J. Kreutz (2009). «Knipprötter i Skåne». Botaniska notiser 142 (4): 1–11. 
  5. 5,0 5,1 «Artfakta: Epipactis helleborine skogsknipprot». Artdatabanken. Henta 5. mars 2022. 
  6. «Naturbasen: Skov-Hullæbe Epipactis helleborine ssp. helleborine». Naturbasen. Henta 7. mars 2022. 
  7. «LAJI: Epipactis helleborine». LAJI.FI. Henta 7. mars 2022. 
  8. 8,0 8,1 8,2 «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  9. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  10. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  11. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru». Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  12. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 
  13. Leslie Lewis mfl. (2009). «An update on the orchid flora at Kenfig National Nature Reserve» (PDF). BSBI News 110 (January): 7–11. 
  14. Richard M. Bateman (2020). «Implications of next-generation sequencing for the systematics and evolution of the terrestrial orchid genus Epipactis, with particular reference to the British Isles». Kew Bulletin 75 (4): 1–22. ISSN 1874-933X. doi:10.1007/S12225-020-9870-X. 
  15. «eElurikkus: Epipactis helleborine» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 3. februar 2023. 
  16. «Latvijas daba: platlapu dzeguzene» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 3. februar 2023. 
  17. Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 3. februar 2023. 
  18. Zigmantas Gudžinskas (2001). «Diversity, state, and protection of Orchidaceae species in Lithuania». Jour. Eur. Orch. 33 (1): 415–441. ISSN 0945-7909. 
  19. Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 64-65. ISBN 9986-662-28-1. Henta 3. februar 2023. 
  20. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Epipactis helleborine». FLORON. Henta 19. januar 2024. 
  21. «Verspreidingskaart: Brede wespenorchis – Epipactis helleborine». Waarnemingen.be. Henta 19. januar 2024. 
  22. «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024. 
  23. «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  24. «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  25. «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024. 
  26. «PoWO: Epipactis × schmalhausenii». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023. 
  27. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 192–193. 
  28. «Artfakta: Epipactis atrorubens × helleborine purpurknipprot × skogsknipprot». Artdatabanken. Henta 31. januar 2023. 
  29. 29,0 29,1 29,2 29,3 Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9. 
  30. 30,0 30,1 30,2 Henrik Ærenlund Pedersen og Niels Faurholdt (2010). Danmarks vilde orkidéer. København: Gyldendalske Boghandel, Nordisk Forlag. s. 69–77. ISBN 978-87-02-06386-8. 
  31. «PoWO: Epipactis × bruxellensis». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023. 
  32. «Artfakta: Epipactis helleborine × phyllanthes skogsknipprot × kal knipprot». Artdatabanken. Henta 31. januar 2023. 
  33. «PoWO: Epipactis × schulzei». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023. 
  34. «PoWO: Epipactis × stephensonii». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023. 
  35. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Epipactis × reinekei». FLORON. Henta 19. januar 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre