Epstein-Barr-virus-sellekjerneantigen 1

Epstein-Barr-virus-sellekjerneantigen 1 (EBNA1) er eit protein frå Epstein-Barr-viruset (EBV) med ulike roller, og eit nykelprotein under EBV-infeksjon. Det dannar stabile homodimerar og har eit DNA-bindingsdomene som òg verkar som eit dimeriseringsdomene. Det har òg eit bindingssete for vertsproteina ubikvitin-spesifikk protease 7 (USP7) og kaseinkinase 2 (CK2).[1]

EBNA1 kan binda seg til replikasjonsstartsetet oriP i episomet til Epstein-Barr-Viruset og er det einaste proteinet som tarvst for replikasjon av EBV-episomet ved løynd infeksjon. Det har òg ei rolle ved fråskiljing av episoma ved selledeling. Det festar då episoma til vertskromosoma under mitose ved hjelp av vertsproteinet EBNA1-bindande protein 2 (EBP2).[1]

EBNA1 kan binda seg til sekvensar i menneskegenomet og kan auka mengda av både avskrifter av genet til proteinet survivin og proteinet sjølv i ei selle. Det kan òg auka mengda av mikro-RNA frå let-7-familien.[1]

EBNA1 har òg ei rolle i reguleringa av avskrivinga av gen i EBV-genomet, og kan aktivera avskriving.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Frappier, Lori (2015). «EBNA1». Epstein Barr Virus Volume 2. Current Topics in Microbiology and Immunology 391. s. 3. ISBN 978-3-319-22833-4. doi:10.1007/978-3-319-22834-1_1. 
  Denne biokjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.