Eric Carle

amerikansk skribent

Eric Carle (25. juni 192923. mai 2021[1]) var ein amerikansk forfattar og illustratør. Han gav ut over 70 barnebøker, med fleire internasjonale bestseljarar. Som oftast stod han bak både tekstar og illustrasjonar til bøkene. Den best kjende boka hans er biletboka Den lille larven Aldrimett (The Very Hungry Caterpillar) frå 1969, som blei omsett til 30 språk i hans levetid.[1] Då Carle døydde var det blitt selt over 50 millionar eksemplar av Den lille larven Aldrimett, noko som gjorde henne til ei av dei mest selde bøkene i verda uansett sjanger.[1]

Eric Carle

Statsborgarskap USA, Tyskland
Fødd 25. juni 1929
Syracuse i New York
Død

23. mai 2021 (91 år)
Northampton

Yrke skribent, illustratør, barnebokforfattar
Språk engelsk
Eric Carle på Commons

Bøkene hans handlar ofte om dyr, og illustrasjonane er utførte som formsikre og fargesprakande papirkollasjar.[2]

Bakgrunn

endre

Carle var fødd i 1929 i Syracuse i New York som son av Johanna (f. Oelschlaeger) og Erich W. Carle, ein offentleg tenestemann.[3] Då han var seks flytta familien tilbake til heimlandet Tyskland, og slo seg ned i Stuttgart. Carle blei utdanna der og gjekk ut frå den lokale kunstskulen, Staatliche Akademie der Bildenden Künste Stuttgart. Ved byrjinga av andre verdskrigen blei faren henta inn for å gjera verneplikt i den tyske hæren, og blei teken som krigsfange av sovjetiske styrkar då landet kapitulerte i mai 1945. Han vende heim seint i 1947, med ei vekt på 39 kg. Carle sa seinare til The Guardian at far hans var ein broten mann som var sjuk, både fysisk og psykisk.[4][5]

Carle blei sendt til småbyen Schwenningen for å koma seg unna bombinga av Stuttgart.[6] Då han var 15 blei han, som andre gutar på den alderen, sendt for å grava skyttargaver ved Siegfried-linja. Folk i nærleiken av han blei drepne. Ifølgje kona til Carle leid han truleg av post-traumatisk stress etter dette.

Etter å ha lengta tilbake til USA i fleire år, kom Carle seg til New York i 1952 med berre 40 dollar. Han fekk arbeid som grafisk designer ved reklameavdelinga til The New York Times. Han blei henta inn til å gjera verneplikt i den amerikanske hæren under Koreakrigen, og sendt for å gjera teneste i Tyskland[7] som postarbeidar ved 2nd Armoured Division.[6] Etter å ha gått ut frå hæren vendte Carle tilbake til The New York Times.[1] Han blei seinare kunstleiar ved eit reklamebyrå.[8]

Illustratør og forfattar

endre
 
Eric Carle med nokre av bøkene sine i 1988.

Pedagogen og forfattaren Bill Martin Jr. la merke til ein illustrasjon av ein raud hummar Carle hadde skapt til ein reklame, og spurde han om å samarbeida om ei biletbok.[9]

Brown Bear, Brown Bear, What Do You See? blei gjeven ut av Henry Holt & Co. i 1967,[10] og blei ein bestseljar.[11] Etterkvart skreiv og illustrerte Carle sine eigne soger. Dei fyrste bøkene hans som forfattar og illustratør var 1, 2, 3 to the Zoo og The Very Hungry Caterpillar i 1969.[12]

The Very Hungry Caterpillar, eller Den lille larven Aldrimett, blei omsett til ei rekkje språk og vann fleire prisar. Ho vann prisar som American Institute of Graphic Arts Award i 1970, Best Children's Books of England i 1970, franske Selection du Grand Prix des Treize i 1972 og japanske Nakamori lesarpis i 1975.[13]

Carle nytta kunstforma kollasj, der han klippa ut handmåla papir og la dei lagvis for å skapa fargesterke bilde. Mange av bøkene han har ein ekstra dimensjon, som utstansa sider, blinkande lys som i The Very Lonely Firefly og livaktige lydar som i The Very Quiet Cricket. Sogene hans er vanlegvis henta frå naturen, og inspirerte av turar han tok med faren i skogar gjennom og enger.[1]

Forfattaren fekk fleire æresgrader frå college og universitet som Williams College i 2016,[14] Smith College i 2014, Appalachian State University i 2013 og Bates College i 2007.[15]

Carle hadde ein son og ei dotter.[16] Han budde i over 30 år i Northampton i Massachusetts med den andre kona si, Barbara Morrison.

Eric Carle-museet

endre
 
Eric Carle Museum of Picture Book Art i Amherst i Massachusetts.
Foto: John Phelan

I Amherst County i Massachusetts, der Carle budde, ligg Eric Carle Museum of Picture Book Art. Museet er ei ideell stifting som har som formål å fremja leselyst og lesekunnskap ved hjelp av biletbøker.[2][17] Det blei skipa av Eric Carle og kona hans Barbara i 2002.[18]

I 2021 hadde museet ei samling på over 12 000 gjenstandar, tre kunstgalleri, eit atelier, eit teater og bibliotek både for vanlege besøkjande og for forskarar.[17]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Hotvedt, Signe Karin (27. mai 2021). «Barnebokforfattar Eric Carle er død». NRK. Henta 27. mai 2021. «I 1969 gav han ut barneboka «Den vesle larven Aldrimett» («The Very Hungry Caterpillar» på engelsk), ei bok som gjorde han verdskjend. Over 50 millionar eksemplar av boka er selde.» 
  2. 2,0 2,1 «Eric Carle, Creator Of 'The Very Hungry Caterpillar,' Has Died». NPR.org (på engelsk). 26. mai 2021. Henta 27. mai 2021. «Eric Carle's picture books were often about insects. Spiders, lady bugs, crickets and of course, that famous caterpillar, all as colorful and friendly as Carle himself. The Very Hungry Caterpillar — probably Carle's best-known work — came out in 1969 and became one of the bestselling children's books of all time.» 
  3. Nakamura, Joyce (27. mai 1993). Major Authors and Illustrators for Children and Young Adults: A Selection of Sketches from Something about the Author. Gale Research. ISBN 9780810373839 – via Google Books. 
  4. «Emma Brockes meets Eric Carle, author of The Very Hungry Caterpillar». The Guardian (på engelsk). March 14, 2009. Henta 27. august 2023. 
  5. «Eric Carle: The very busy illustrator». The Independent (på engelsk). 27. mai 2021. Henta 2. mai 2022. 
  6. 6,0 6,1 Carl, Eric (1996). The Art of Eric Carle. New York, NY: Philology Books. ISBN 0-399-24600-2. 
  7. Bernstein, Fred A. (13. desember 2007). «Hungry Caterpillar in the Florida Keys». The New York Times. Henta March 11, 2017. 
  8. Bosselman, Haley (27. mai 2021). «Eric Carle, Author of 'The Very Hungry Caterpillar,' Dies at 91». Variety. Henta 28. mai 2021. 
  9. «Eric Carle, creator of 'The Very Hungry Caterpillar,' turns 90». DW.COM (på engelsk). 25. juni 2019. Henta 21. september 2019. 
  10. Rogers, Amanda (February 8, 2001). «These five books will get kids reading». The Desert Sun. s. 32. Henta 27. mai 2021. 
  11. Graeber, Laurel (13. mars 2014). «Spare Times for Children for March 14–20». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 27. mai 2021. 
  12. Ponnekanti, Rosemary (17. oktober 2006). «The Art of Eric Carle». The News Tribune. s. E1. Henta 27. mai 2021. 
  13. «Eric Carle Collection». archive.ph. 5. august 2012. Arkivert frå originalen 5. august 2012. Henta 27. april 2022. 
  14. Lemoine, Noelle. «Williams College Announces Its 2016 Honorary Degree Recipients». Williams Office of Communications. Henta 9. august 2016. 
  15. NISSY«Eric Carle». Bates College. Henta 2. februar 2009. 
  16. Ulaby, Neda (June 12, 2019). «A Very Happy 50th Birthday To 'The Very Hungry Caterpillar'». National Public Radio. 
  17. 17,0 17,1 «About us». www.carlemuseum.org. Eric Carle Museum of Picture Book Art. Henta 27. mai 2021. 
  18. «History». www.carlemuseum.org. Eric Carle Museum of Picture Book Art. Henta 27. mai 2021. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Eric Carle