Eric Rücker Eddison

britisk skribent

Eric Rücker Eddison (24. november 188218. august 1945) var ein engelsk embetsmann og forfattar som skreiv under namnet E.R. Eddison.

Eric Rücker Eddison
Er-eddison-2.jpg
Fødd 24. november 1882
Leeds
Død

18. august 1945
Marlborough i Wiltshire

Yrke skribent, romanforfattar

BiografiEndra

Eddison vart fødd i Adel i Leeds. Den tidlege utdanninga fekk han av ei rekkje privatlærarar, som han delte med den unge Arthur Ransome. Ransome fortel i sin sjølvbiografi at Eddison hadde dristige og utspekulerte metodar for å bli kvitt upopulære lærarar.[1] Etter at Eddison var ferdig utdanna ved Eton and Trinity College i Oxford, blei han med i Board of Trade i 1906, men trekte seg tilbake i 1938 for å arbeide på heiltid på skjønnlitteraturen sin. Under ein framifrå karriere blei han utnemnd til CMG i 1924 og CB i 1929 for offentleg teneste med Board of Trade. Han og kona hans fekk éi dotter saman. Svigersonen, ein pilot i Royal Air Force, døydde i den andre verdskrigen.[2][3]

LitteraturEndra

FantasyEndra

  • The Worm Ouroboros (1922). London: Jonathan Cape

Zimiamvia-trilogienEndra

  • Mistress of Mistresses (1935). London: Faber and Faber.
  • A Fish Dinner in Memison (1941). New York: E. P. Dutton & Co.
  • The Mezentian Gate (1958). London: Curwen Press.
  • Zimiamvia: a Trilogy (1992). New York: Dell Publishing. ISBN 0-440-50300-0.

AnnaEndra

  • Poems, Letters, and Memories of Philip Sidney Nairn (1916). London: Printed for Private Circulation.
  • Egil's Saga (1930). London: Cambridge University Press.
  • Styrbiorn the Strong (1926). London: Jonathan Cape.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Eric Rücker Eddison

KjelderEndra

FornotarEndra

  1. Arthur Ransome, The Autobiography of Arthur Ransome, ed. R. Hart-Davis (London: Jonathan Cape, 1976), 37–40.
  2. The Works of E.R. Eddison
  3. A Fish Dinner in Memison
  Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.