Klokkelyngslekta

planteslekt
(Omdirigert frå Erica)

Klokkelyngslekta (Erica, av gresk 'oppreist') er ei planteslekt i lyngfamilien. Ho omfattar eviggrøne buskar eller tre, oftast dvergbuskar med nåleforma, kransstilde blad og nikkande, klokkeforma 4-tals blomar. Krona er raud, gul eller kvit, og blir sitjande på etter blomstringa.[1]

Klokkelyngslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Lyngordenen Ericales
Familie: Lyngfamilien Ericaceae
Slekt: Klokkelyngslekta Erica
L., 1753

Slekta omfattar rundt 600 artar, der rundt 550 av dei veks i Kapplandet i Sør-Afrika og 16 i Europa. Lyngtre veks mellom anna i middelhavslanda og på Kanariøyane.[1]

Nokre artar blir brukt som prydplante, som vårlyng (E. carnea), frynselyng (E. ciliaris) og jule- eller haustlyng (E. gracilis).[1]

I Noreg veks to artar. Desse plantane er opprett lyng med dunhåra kvister, kransstilte nålforma blad og blomsterklasar i toppen. Dei har mørke begerflikar og poseforma krone.

Norske artar i klokkelyngslekta

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 «Erica» i Store norske leksikon, snl.no.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
  • Svensk Wikipedia.