Opna hovudmenyen
Klokkelyng
Klokkelyng
Klokkelyng
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Lyngordenen Ericales
Familie: Lyngfamilien Ericaceae
Slekt: Klokkelyngslekta Erica
Art: Klokkelyng E. tetralix
Vitskapleg namn
Erica tetralix

Klokkelyng (Erica tetrálix) er ein liten dvergbusk i lyngfamilien.

UtsjånadEndra

Klokkelyngen er kjertehåra. Blada er kransstilte og nåleforma. Blomstrane er rosa og oppblåste, og sit i klasar i toppen av kvistane.

Klokkelyngen har rikeleg med nektar, og insekta besøker han gjerne. Etter pollinering dannar han ein liten fruktkapsel som vert sitjande inni den visne blomsterkrona.

UtbreiingEndra

Klokkelyngen er ein utprega kystart. I Noreg veks klokkelyngen på torvmyr og lyngmark i kyst- og fjordstrok nordover til Sør-Helgeland. Elles veks han i kyststrok i Vest-Europa sør til Spania.

KulturEndra

Klokkelyngen er fylkesblomster i Rogaland.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Klokkelyng