Erik Dalheim

norsk politikar

Erik Dalheim (fødd 4. oktober 1940) er ein norsk arbeidar og politikar frå Drammen. Han representerte Buskerud og ArbeidarpartietStortinget frå 1981 til 2001.

Erik Dalheim
Fødd4. oktober 1940 (83 år)
Drammen kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Far til Dalheim var murmeister. Sjølv fekk han seg arbeid som visargut hos Harald Lyche & Co i heimbyen, før han var dreiarlærling ved H.Th. Refsums mekaniske verksted i fire år frå 1956. Samstundes gjekk han på teknisk kveldsskule og tok i 1960 fagbrev som dreiar. Han heldt fram ved H. Th. Refsum til 1963. Sidan var han reparatør ved EB Norsk Kabel (seinare ABB Norsk Kabel) i Drammen til han vart stortingsmann i 1981.

Dalheim var frå 1972 til -83 medlem i bystyret i Drammen, i perioden 1976-79 som ordførar. Frå 1980 til -84 var han formann i Drammen faglege samorganisasjon. Hausten 1981 vart han vald til stortingsrepresentant frå Buskerud. Gjennom fire attval vart han sitjande på Stortinget til 2001. Fram til 1993 var han medlem av Energi- og industrikomitéen, og deretter var han 1993-2001 medlem av Finanskomitéen.

Etter han var ute av Stortinget arbeidde Dalheim som rådgjevar.

Kjelder endre

Stortingsbiografi