Erik Höglund (fødd 1932 i Karlskrona, død 1998) var ein svensk målar, skulptør, teiknar, grafikar, glaskunstnar og formgjevar, far til glaskunstnaren Erika Höglund.

Erik Höglund

Statsborgarskap Sverige
Fødd 31. januar 1932
Karlskrona
Død

27. januar 1998 (65 år)

Yrke kunstmålar, bilethoggar, designar, glassblower, biletkunstnar
Ektefelle Ingrid Höglund
Partnar Monica Backström
Erik Höglund på Commons
Två djur och leksak (1966), granitt, Bredängs Torg i Stockholm. Foto: Bengt Oberger

Utdanning

endre
  • 1948-1953 Konstfackskolan, Stockholm
  • 1951-1952 Grafikkstudium hjå Harald Sallberg

Arbeid

endre

Han var knytt til Boda Glasbruk frå 1953-1973 som formgjevar. Der arbeidde han fram eit heilt eige rustikt uttrykk i glaset, og han formgav også til dømes ljosekroner i smijern og glas.

Han formgav også møblar i tre og skulpturar i keramikk, stein, tegel og bronse. Han skapte nærare 150 større verk til utsmykking av offentlege miljø.

Etter nokre års opphald tok han på slutten av 70-talet opp att glasarbeidet, denne gongen ved Pukeberg Glasbruk samt ved glashyttene Transjö, Åhus og Vrigstad. Frå 1988 samarbeidde han mest med Studioglas Strömberghyttan.

Han fekk Lunningprisen i 1957.

Representert ved desse samlingane

endre
  • Nationalmuseum, Stockholm.
  • Röhsska Konstslöjdsmuseet, Göteborg.
  • Konstmuseet Arkiv för dekorativ konst, Lund.
  • Smålands Museum, Växjö.
  • Blekinge Länsmuseum, Karlskrona.
  • Kalmar Konstmuseum.
  • Ystads Konstmuseum.
  • Trelleborgs Museum.
  • Östersunds Länsmuseum.
  • Västerbottens Länsmuseum.
  • Darmstadt Landschaftsmuseum Darmstadt.
  • Bellerive Kunstgewerbemuseum, Zürich.
  • Cooper-Hewitt Design Museum, New York.
  • Corning Glass Museum, New York State.
  • Victoria and Albert Museum, London.

Meir å lese

endre

Bakgrunnsstoff

endre