Erik H. Erikson
Erik Homburger Erikson (fødd 15. juni 1902 i Frankfurt am Main, død 12. mai 1994) var ein tysk-amerikansk psykolog av jødisk ætt.[1][2] Erikson var og er ein av dei leiande personane innanfor utviklingspsykologi. Han var professor ved University of California, Yale og Harvard fram til han pensjonerte seg i 1970.[3][4]
Erik H. Erikson | |||
| |||
Fødd | 15. juni 1902 Frankfurt am Main | ||
---|---|---|---|
Død | 12. mai 1994 Harwich | ||
Nasjonalitet | Tyskland, USA | ||
Yrke | faglitterær forfattar, universitetslærar, psykoanalytiker, lærar | ||
Institusjonar | Harvard University University of Pittsburgh University of California, Berkeley | ||
Alma mater | University of Oxford | ||
Ektefelle | Joan Erikson | ||
Barn | Kai T. Erikson | ||
Medlem | American Academy of Arts and Sciences |
Den psykososiale utviklingsteorien
endreErikson sin psykososiale utviklingsteori går ut på at individet vert utvikla gjennom åtte ulike fasar, der kvar fase kan koplast til eit spesifikt livsstadium. Kvar fase har ei særskild utfordring som individet må gå igjennom.[5] Måten ein handsamar desse konfliktane, vert avgjerande for individet si vidare psykososiale utvikling. Sjølv om Erikson sine teoriar stadig vert nytta og vert lært ut, har dei ikkje kunne provast. Til skilnad frå andre utviklingspsykologiske faseteoriar, som Sigmund Freud psykoseksuelle utviklingsteori og Jean Piagets kognitive utviklingsteori, tek teorien til Erikson sine åtta fasar ikkje slutt ved vaksen alder, men spenner seg over heile livslaupet.[5]
Fasar
endreErikson meinte eit individ si utvikling av eins personlegdom fylgde eit bestemt mønster, der kvar fase er kopla til eit livsstadium. Med kvar fase fylgde ei særskild utfordring.[5][6]
Stadium | 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Alder | 0-18 md. | 18 md.-3 år | 3-6 år | 6-12 år | 12-20 år | 20-40 år | 40-60 år | 60 år + |
Godt vaksen | Ego-integritet / Fortviling | |||||||
Vaksen | Utvikling / Stagnasjon | |||||||
Ung vaksen | Nærleik / Isolering | |||||||
Ungdom | Identitet / Rolleforvirring | |||||||
Sein barndom | Arbeidsevne / Mindreverd | |||||||
Barndom | Initiativ / Skuld | |||||||
Tidleg barndom | Sjølvstende / Tvil | |||||||
Spedbarn | Tillit / Mistillit |
Ifylgje Eriksson skulle eit individ, frå dei ulike fasane, innlema i sin identitet:[8]
- håp (hope)
- viljestyrke (will)
- meining (purpose)
- kunnskap, dugleik (competence)
- truskap (fidelity)
- kjærleik i nære relasjonar, familie og arbeid (love in intimate relationships, work and family)
- omhug/omsorg (caring)
- visdom (wisdom)
Kritikk
endreEin styrke med Erikson sin psykososiale utviklingsteori er at teorien, til skilnad frå andre teoriar, sluttar seg til at personlegdomsutviklinga pågår gjennom heile livet. Ein veikskap med teorien hans gjeld oppfattinga om at personlegdomsutviklinga fylgjer eit bestemt trappestegsmønster, der kvar fase bidreg med eit visst vegval og ein viss styrke (eventuelt veikskap ved nederlag).[5]
Bibliografi
endre- 1950 – Childhood and Society
- 1958 – Young Man Luther: A Study in Psychoanalysis and History
- 1959 – Identity and the Life Cycle: Selected Papers
- 1969 – Gandhi's Truth: On the Origin of Militant Nonviolence
- 1978 – Adulthood
- 1986 – Vital Involvement in Old Age (med Joan M. Erikson og Helen Q. Kivnick)
- 1987 – The Life Cycle Completed
- 1995 – A Way of Looking at Things: Selected Papers 1930-1980 (redaktør: S.P. Schlien)
Om Erikson og teoriane hans
endreBøker
endre- Coles, Robert (1970). Erik H. Erikson: the Growth of His Work.
- Roazen, Paul (1976). Erik H. Erikson: The Power and Limits of a Vision. N.Y., The Free Press.
- Friedman, Lawrence J. (1999). Identity's Architect: A Biography of Erik H. Erikson.
- Welchman, Kit (2000). Erik Erikson, His Life, Work, and Significance.
- The Erik Erikson Reader. Robert Coles (editor). 2001
- Hoare, Carol Hren (2002). Erikson on Development in Adulthood: New Insights from the Unpublished Papers.
Dokumentarfilm
endre- Everybody Rides the Carousel (Hubley, 1976)[5]
Kjelder
endre- ↑ «Erik Erikson, 91, Psychoanalyst Who Reshaped Views of Human Growth, Dies». NY Times. Henta 17. november 2014.
- ↑ «Erik Erikson, the Man Who Invented Himself», archive.nytimes.com, henta 19. desember 2022
- ↑ «Erik H. Erikson | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), henta 19. desember 2022
- ↑ «Erik Erikson | American psychoanalyst | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 19. desember 2022
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 Gillibrand, Rachel; Virginia Lam; Victoria L. O'Donnell (2011). Developmental psychology. Pearson Education Limited.
- ↑ Brønstad, A.; Hårberg, G.B. «Eriksons psykososiale stadier» (på norsk bokmål). NDLA. Henta 19. desember 2022.
- ↑ «Psykologi 1+2: Eriksons beskrivelse av faser i den sosiale utviklingen», psykologi-2018.cappelendamm.no, henta 19. desember 2022
- ↑ Erikson, Erik H: Den fullbordade livscykeln, Natur och Kultur, 2000.
- Denne artikkelen bygger på «Erik H. Erikson» frå Wikipedia på svensk, den 19. desember 2022.
Bakgrunnsstoff
endre