Erik Holtan

norsk fotballspelar

Erik Holtan (fødd 20. april 1969) er ei norsk tidlegare fotball-målvakt, fødd i Moss.

Erik Holtan
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. april 1969 (55 år)
Moss kommune
Yrke fotballspelar
Høgd 182 centimeter

Holtan debuterte i 1. divisjon/eliteserien med Kongsvinger IL i 1990 og spelte for klubben ut 1994-sesongen. Frå 1995 til 2005 vakta han målet til Odds Ballklubb. Han var i fleire sesongar kaptein på Odd, mellom anna då Odd vart norsk meister i 2000 etter siger over Viking FK, og då laget tapte cupfinalen 2002 mot Vålerenga. Etter å ha mista plassen som fyrste-målvakt i Odd til Rune Jarstein, spelte han 2006-sesongen på Moss FK. Ein skade i byrjinga av 2007 tvinga han til å leggje opp.

Holtan fekk Kniksenprisen som årets målvakt i 2002. I tida november 2002 til februar 2004 spelte han seks landskampar for Noreg, alle saman vennskapskampar.

Kjelder endre