Rune Jarstein

norsk fotballspelar

Rune Almenning Jarstein (fødd 29. september 1984) er ein norsk fotballspelar som har spela på det norske herrelandslaget i fotball sidan 2007. Sidan 2010 er han målvakt for tyske Hertha Berlin. I perioden 2007 til juni 2020 har han spela 65 landskampar for Noreg.

Rune Jarstein
Personleg informasjon
Kallenamn Laban[2]
Fødd 29. september 1984
Fødestad Skien kommune
Høgd 192 cm [1]
Posisjon Målvakt
Klubbinformasjon
Noverande lag
Hertha
Nummer 22
Ungdomsklubbar
  Herkules
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2002–2007 Odd 71 (0)
2007–2010 Rosenborg 47 (0)
2010–2013 Viking 116 (0)
Landslag
2000 Noreg U16 4 (0)
2001 Noreg U17 5 (0)
2002 Noreg U18 8 (0)
2002–2003 Noreg U19 6 (0)
2005–2006 Noreg U21 13 (0)
2007– Noreg 65 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 6. juni 2020
‡ Landslagsmål oppdatert 15. november 2019 [3]

Han vann Gullballen (Kniksenprisen) i 2018.[4] Dette åre blei han også rangert som den beste keeperen i tysk Bundesliga.

Klubbspel

endre

Jarstein debuterte for Skiens-klubben Herkules Idrettsforening på nivå fire i norsk fotball. Han gjekk over til naboklubben Odd i 2002, der han i løpet av 2005-sesongen etter kvart vart fyrsteval på målvaktsplassen. Dei tre sesongane 2007-09 stod han i mål for toppklubben Rosenborg BK. Etter ujamne prestasjonar vart han overført til Viking, der han har spela sidan 2010.

Landslagsspel

endre

Jarstein fekk sin debut for det norske landslaget den 22. august 2007, då han spela dei siste 45 minuttane av privatlandskampen på Ullevaal mot Argentina. Noreg vann kampen 2-1. I dei påfylgjande sesongane var han jamnt aktuell for målvaktsjobben for Noreg, og fekk inn i mellom spele ein heil del kampar. Pr 1. oktober 2012 har han vakta det norske målet 30 gongar.

Merittar

endre
  • Seriemeister med Rosenborg 2009

Kjelder

endre