Erik Vangberg

norsk politikar

Johan Erik Vangberg (21. februar 187418. desember 1956) var ein norsk tømmermann og stortingsmann frå Vadsø, busett i Tromsø. Han representerte byane i Nord-Noreg og ArbeidarpartietStortinget i tida 1923-30.

Erik Vangberg
Johan Erik Vangberg.jpg
Fødd21. februar 1874
Vardø
Død18. desember 1956 (82 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Vangberg var son til ein bygnings- og arbeidsformann. Han gjekk i lære hos far sin og utdannaseg i hus- og skipsbygging, samt snikkar- og modellarbeid. Frå 1898 arbeidde han som tømmermann på Tromsø Skibsverft. Etter 1934 var han styrar for dei kommunale leigegardane i Trromsø kommune.

Vangberg engasjerte seg i fagrørsla og var frå 1923 til -26 formann i Norsk Trearbeiderforbund. Allereie frå 1910 var han medlem i bystyret i Tromsø, hadde gjennom åra mange verv i kommunen. Stortingsbolken 1922-24 var han varamann og møtte på Tinget 29.11.-5.12.1923 og 21.3.-1.8.1924 i staden for Harald Langhelle. Dei to neste tingperiodane, 1925-27 og 1928-30, hadde Vangberg fast sete på Stortinget, der han var medlem i Næringskomite nr.2

KjelderEndra

Stortingsbiografi