Vardø kommune

kommune i Finnmark fylke i Noreg

Vardø er ein kommune som ligg nordaust i Finnmark fylke. Kommunen grensar mot nabokommunane Vadsø i vest og Båtsfjord i nordvest. I dag bur det innbyggjarar i kommunen, av dei i overkant av 2000 i sjølve byen Vardø, som ligg på den 3,7 km² store Vardøya. Den nest største tettstaden er Kiberg. Vardø er den austlegaste byen i Noreg og heile Vest-Europa. Hammerfest og Vardø er dei eldste byane i Nord-Noreg sidan dei fekk bystatus samtidig i 1789.

Vardø kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Adm.senter Vardø
Areal 600 km²
 - land 588 km²
 - vatn 12 km²
Folketal 1 972  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Tor-Erik Labahå (Sp)
Kommunenr. 5634
Kart
Vardø kommune
70°22′00″N 31°06′00″E / 70.366669444444°N 31.1°E / 70.366669444444; 31.1
Wikimedia Commons: Vardø
Nettstad: www.vardo.kommune.no

Historie endre

Busetnaden i Vardø går heilt attende til tida da Håkon V Magnusson fekk bygd Vardøhus festning som skulle forsvare Noregs austgrense. Vardø fekk bystatus i 1789, og er dermed i lag med Hammerfest Nord-Noregs eldste by.

På fjellet Domen vest for det 1,7 km breie Bussesundet som skil Vardøya frå fastlandet, var det på 1600-talet ei rekkje hekseprosessar der særleg unge kvinner vart dømd til døden og avretta. Venuspassasjen vart i 1769 også observert frå Valen, eidet som knyter vestre og austre del av Vardøya saman, og var viktig for berekninga av avstanden mellom Jorda og Sola.

Fiske har lenge vore hovudinntekta til Vardøsamfunnet. I etterkrigstida betydde Forsvaret også mykje for kommunen, som på det meste hadde 4200 innbyggjarar. Byen er no under omstilling, og sivil overvaking av havområda utanfor ser ut til å bli eit nytt satsingsområde i tillegg til utvikling av turismen. Vardø er eit svært attraktivt reisemål blant fuglekikkarar.

Samferdsel og kommunikasjon endre

 
Utsyn over Vardø

Vardøya er tilknytt Europaveg 75 gjennom den 2892 meter lange Vardøtunnelen under Bussesundet. Tunnelen som vart teken i bruk 22. desember 1983 og offisielt opna av kong Olav V i 1984 var den første undersjøiske tunnelen i Noreg. På Svartnes som ligg på fastlandssida av Bussesundet er det bygd ei ny og moderne hamn. Vardø er anløpshamn for hurtigruta. Svartnes huser også Vardø lufthamn. På Vardøya ligg kystradiostasjonen Vardø radio.

Kibergsneset ved Vardø er det austlegaste punktet på fastlandet i Noreg. Her ligg restar av eit tysk kystfort frå den andre verdskrigen.

Næringsliv endre

Byen er bygd opp rundt fiskeforedling. Dei siste åra har Lønnsgarantifondet og Kontoret for voldsoffererstatning kome til byen som kompensasjon for tap av andre statlege arbeidsplassar.

Forsvaret endre

Tidlegare låg Luftforsvarets stasjon Vardø her, men den vart nedlagt og vidareført under Luftforsvarets stasjon Sørreisa. Etterretningstjenesten har ein stasjon på Vårberget i Vardø, der den omstridde Globus II-radaren står. Det er framleis eit lite militært kommandantskap på Vardøhus festning.

Tettstader i kommunen endre

  • Kiberg - 0 innbyggjarar per 1. januar 2023
  • Vardø - 1 727 innbyggjarar per 1. januar 2023

Venskapsbyar endre

Kjende personar frå Vardø kommune endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre