Danske regentar
Danske monarker | |
![]() |
Danske regentar er ei liste over Danmark sine kongar og regjerande dronningar. Danmark er det einaste landet - utanom Japan - som er vorte regjert av eit enkelt dynasti, gjennom meir enn 1000 år.
Tradisjonen seier at den danske kongerekka vert innleia med Gorm den gamle, sjølv om han ikkje høyrer med i den danske kongerekka, og sjølv om den sikre historiske tida fyrst byrjar under Knud den mektige. Frå denne tida stammar ei årbok frå Lund i Sverige. Alle tidlegare informasjon stammer frå utanlandske kjelder.
Før kongerekka er det ei overlappande rad av segnkongar.
Dei to store, dominerande slektene i det danske kongehuset er huset Oldenburg og huset Glücksburg. Den første av Oldenburgarane var Kristian I, vart konge i 1448 og den siste av denne slekta vart Fredrik VII, som døydde barnlaus i 1863. Fredrik vart etterfølgt av Kristian IX, som vart kjend som «Europas svigerfar» eller «Europas oldefar», fordi fleire av døtrene hans vart gifta inn i andre europeiske kongehus. Dagens kongefamilie er etterkommarar etter Kristian IX.
Som dei andre kongedømma i Vest-Europa er Danmark eit konstitusjonelt monarki.[1] Under den såkalla Påskekrisa i 1920 utfordra Kristian X fleirtalet i Folketinget og etter den tida vart parlamentarismen knesatt i Danmark.[2] Rolla til kongehuset har frå da av vore redusert til symbolske og seremonielle oppgåver.
Uviss tidfesting – JellingdynastietEndra
- Omtala 936 - tidlegast d. 958 Gorm den gamle Moglegvis konge på midten av 900-talet[3]
Historiske kongar 958–1375Endra
- Tidlegast 944 - i eksil seinast 984/985 Harald I Blåtand
- Seinast 986 - d. 1014 Svend I Tveskæg
- 1014-1018 Harald II
- 1018-1035 Knud II den mektige
- 1035-1042 Knud III Hardeknud
- 1042-1047 Magnus den gode
- 1047-1076 Svend II Estridsen
- 1076-1080 Harald III Hen
- 1080-1086 Knud IV den heilage
- 1086-1095 Oluf I Hunger
- 1095-1103 Erik I Eiegod
- 1104-1134 Niels
- 1134-1137 Erik II Emune
- 1137-1146 Erik III Lam
- 1146-1157 Svend III Grathe og Knud V
- 1154-1182 Valdemar I den store
- 1182-1202 Knud VI
- 1202-1241 Valdemar II Sejr
- 1241-1250 Erik IV Plovpenning
- 1250-1252 Abel
- 1252-1259 Christoffer I
- 1259-1286 Erik V Glipping
- 1286-1319 Erik VI Menved
- 1320-1326 Christoffer II
- 1326-1329 Valdemar III
- 1329-1332 Christoffer II
- 1332-1340 Den kongelause tida (Danmark var pantsett til grevane av Holstein)
- 1340-1376 Valdemar IV Atterdag
- 1376-1387 Oluf II
Kalmarunionen 1375–1448Endra
Huset Oldenburg 1448–1863Endra
- 1448-1481 Christian I
- 1481-1513 Hans
- 1513-1523 Christian II
- 1523-1533 Frederik I
- 1534-1559 Christian III
- 1559-1588 Frederik II
- 1588-1648 Christian IV
- 1648-1670 Frederik III
- 1670-1699 Christian V
- 1699-1730 Frederik IV
- 1730-1746 Christian VI
- 1746-1766 Frederik V
- 1766-1808 Christian VII
- 1808-1839 Frederik VI
- 1839-1848 Kristian VIII
- 1848-1863 Fredrik VII
Huset Glücksburg 1863 –Endra
- 1863-1906 Kristian IX
- 1906-1912 Fredrik VIII
- 1912-1947 Kristian X
- 1947-1972 Fredrik IX
- Frå 1972 Margrethe II
Kronprins Frederik av Danmark er tronfylgjar etter og son av Margrethe II.
ReferansarEndra
- ↑ Monarkiet i dag frå Kongehuset.dk
- ↑ Christian 10.[daud lenkje] frå Danmarkshistorien / Aarhus Universitet
- ↑ Gorm den Gamle -958 Arkivert 2011-07-19 ved Wayback Machine. Frå Danmarkshistorien.dk
BakgrunnsstoffEndra
- Gorm den Gamles stamtræ på Kongehusets heimeside.
- Oldenborgernes stamtræ på Kongehusets heimeside.
- Glückborgernes stamtræ på Kongehusets heimeside.