Erika Lie
Erika Egede-Nissen Lie (29. mars 1878–10. september 1947) var ein norsk jurist. Ho var ein av dei fyrste kvinnelege sakførarane i Noreg.
Erika Lie | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. mars 1878 Christiania |
Død |
10. september 1947 (69 år) |
Yrke | jurist |
Far | Oscar Nissen |
Mor | Erika Nissen |
Ektefelle | Mikael Strøm Henriksen Lie |
Liv og virke
endreErika Lie vaks opp i ein familie der begge foreldra hadde eit tydeleg nærvære i det sosiale, politiske og kulturelle livet i Kristiania. Etter at foreldra skilde seg i 1895 vart ho buande hos mora, den kjende konsertpianisten Erika Nissen.
17 år gamal tok Lie examen artium i 1895, og i 1900–1903 gjennomførte ho språkstudium i England og Frankrike. Ho hadde også studieopphald i Sveits, Tyskland og i Nord- og Sør-Amerika.[1] I 1906 tok ho en eittårig utdanning ved Arvedsons gymnastiska institut i Stockholm, men det var fyrst etter at faren døydde i 1911 at ho byrja å studere jus. I 1918 tok ho juridisk embetseksamen; ho var då 40 år gamal.
I 1918 vart Lie dommarfullmektig i Follo sorenskriveri i Drøbak, før ho hadde same rolle i Nedre Romerike sorenskriveri på Lillestrøm i 1919–1920 og i Kristiania skifterett (1921–1922).[1] Ho var også protokollsekretær i Noregs Høgsterett. I 1922 var ho sakførarfullmektig hos høgsterettsadvokat Christian Butenschøn. I 1922 fekk ho autorisasjon som overrettssakførar, og året etter skipa ho sin eigen sakførarpraksis. Med dette vart ho ein av dei fyrste kvinnelege sakførarane i Noreg.
Lie engasjerte seg sterkt i ektefellelova av 1927, og i samleverket Lev Livet Lettere (1938) gjorde ho greie for sitt syn i debatten som følgde. I 1933 var ho medstiftar av den fyrste Soroptimist-klubben i Noreg. Som følgje av dei vanskelege arbeidsforholda under andre verdskrigen og den tyske okkupasjonen, valde ho å avvikle verksemda si i 1941.
Familie
endreErika Lie var dotter av lækjaren og politikaren Oscar Egede Nissen (1843–1911) og pianisten Erika Røring Møinichen Lie Nissen (1845–1903). Ho var syster av pianisten og dirigenten Karl Nissen (1879–1920), niese av pianistane Thomasine Lie (1833–1907) og Ida Lie (1837–1905), og dotterdotter av prokuratoren og ordføraren Michael Strøm Lie (1807–1852).
9. oktober 1900 gifta Lie seg gift med tremenningen sin, cand.jur. og seinare professor Mikael Strøm Henriksen Lie (1873–1926).
Bibliografi
endre- 1938: «Lov om ektefellers formuesforhold av 20. mai 1927» i M. Fearnley (red.): Lev Livet Lettere, 1938
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Halbo, Sverre M. (1933). Norges advokater og sakførere 1932. Aschehoug. s. 287.
- Denne artikkelen bygger på «Erika Lie» frå Wikipedia på bokmål, den 10. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- Støren, Thordis (1987). Justitias gode tjenere. Dreyer. s. 39 ff. ISBN 8209104462.
- Erika Lie i Norsk biografisk leksikon