Erlend
mannsnamn
Erlend og Erland er mannsnamn som kjem frå norrønt Erlendr. Truleg tyder det 'utlending' og blei først brukt som tilnamn. Det finst fleire dialektformer av namnet, som Elland, Ellend og Edland. Erlend og Erland har namnedag den 14. juni. Erland har svensk namnedag 8. januar.
Det er i dag om lag 6 000 som har Erlend som første førenamn, og nær 900 som heiter Erland. Bruken tok til å stiga i 1950-åra fram til rundt 1995, då 0,8 % av alle nyfødde norske gutar blei kalla Erlend. Deretter avtok bruken.
Kjende namneberarar
endre- Erlend Filippusson
- Erland von Koch (1910 - 2009), svensk komponist
- Erland Josephson (f. 1923), svensk skodespelar
- Erland Johnsen (f. 1967), norsk fotballspelar
- Erlend Loe (f. 1969), norsk forfattar
- Erlend Skomsvoll (f. 1969), norsk jazzmusikar
- Erland Dahlen (f. 1971), norsk trommeslagar
- Erlend Øye, (f. 1975) norsk musikar frå Kings of Convenience
- Erlend Hanstveit (f. 1981), norsk fotballspelar
- Erlend Bratland (f. 1991), norsk songar og vinnar av Norske Talenter
Kjelder
endreBakgrunnsstoff
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Erlend hjå Statistisk Sentralbyrå