Opna hovudmenyen

Erlend Hanstveit

norsk fotballspelar

Erlend Hanstveit, (fødd 28. januar 1981) i Bergen, er ein norsk fotballspelar. Han spelar for Gent i den belgiske fotballigaen. Han har dei siste sesongane i all hovudsak spelt som venstreback. På grunn av Cato Guntveit sine skadeproblem fungerte Hanstveit som Brann-kaptein i store delar av 2005-sesongen.

Erlend Hanstveit
ErlendHanstveit.jpg
Fødd 28. januar 1981
Bergen i Noreg
Høgd 189 cm
Kallenamn Skjønningen
Posisjon Back, wing (venstre)
Klubbinformasjon
Spelar for Gent
Draktnummer 15
Ungdomsklubb
1997-98 Noreg Osterøy
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1998-2008
2009-
Noreg Brann
Belgia Gent
202 (8)
36 (0)
Landslag**
2000-04
2004-
Noreg Noreg U21
Noreg Noreg
26 (0)
5 (0)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
sist oppdatert 1. mai 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 16. mai 2006.

Erlend Hanstveit kjem frå Osterøy, og i yngre år spelte Hanstveit for Fotlandsvåg og Osterøy. Han blei rekna som eit av Noreg sine største fotballtalent då han debuterte i eliteserien for Brann som 17-åring i 1998. Då hadde allereie Manchester United-manager Sir Alex Ferguson på eiga hand vore i kontakt med Hanstveit for å få han til å skriva under for den engelske storklubben, men Hanstveit prioriterte skulegang.

Eit slite korsband i 1999 prega Hanstveit i over eit år, noko som førte til at han berre fekk sporadisk med kampar i 2000-sesongen. Skaden har truleg ògshatt sitt å seie for at Hanstveit si utvikling stoppa noko opp, men i 2001 var han tilbake for fullt igjen på Brann-laget, og spelte i fleire posisjonar på Brann-laget. Han var både midtstoppar og sentral midtbanespelar i tillegg til venstreback.

Raymond Kvisvik forsvann til Austria Wien i Austerrike i 2002 spelte Hanstveit mykje på venstrekanten, utan at det var nokon stor suksess. Difor bestemte han seg for å satsa for fullt som venstreback då Mons Ivar Mjelde blei trenar i Brann i 2003. Han gjorde det såpass bra den sesongen at han fekk sin landslagsdebut mot Singapore på 23-årsdagen sin 28. januar 2004. Då hadde han allereie vore tatt med i landslagstroppen utan å få spela ved enkelte høve. Hanstveit har i alt spelt fire landskampar for Noreg. Då Brann vann cupen i 2004 var Hanstveit lagkaptein på grunn av Cato Guntveit sin karantene, og fekk dermed heva kongpokalen i påsyn av tusenvis av Brannsupportarar.

I 2005-sesongen fekk Hanstveit i vårsesongen mykje kritikk for svakt backspel av Brann-supportarar og fotballekspertar. I motsetning til resten av Brann-laget hadde Hanstveit ein vesentleg betre haustsesong då han var ein av klubben sine betre spelarar. Difor blei han igjen løna med landslagsplass då Åge Hareide tok ut landslagstroppen til to kampar i USA i januar 2006. Han var tidlegare same månad på prøvespel i den tyske bundesligaklubben Werder Bremen, men fekk ikkje tilbod om kontrakt. Etter godt spel i 2006-sesongen var Hanstveit tilbake på landslaget i august 2006.

BakgrunnsstoffEndra