Erlend Wiborg
Erlend Wiborg (fødd 20. januar 1984) er ein norsk politikar for (Frp). I 2013-2017 er han ein av partiet sine to stortingsrepresentantar frå Østfold. I 2005-2009 var han 2. vara, og 1. vararepresentant i 2009-2013. Han hadde difor ein del ansiennitet ved byrjinga av Stortingsperioden 2013-2017. Wiborg er medlem av arbeids- og sosialkomitéen.[1]
Erlend Wiborg | |||
Erlend Wiborg Foto: Bård Gudim/FrPMedia | |||
Fødd | 20. januar 1984 (40 år) Sarpsborg kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Framstegspartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Kirkeparken videregående skole | ||
Alle verv |
|
Før han vart innvald, var Wiborg varaordførar i Moss og gruppeleiar på fylkestinget i Østfold. Han blei innvald i bystyret og fylkestinget i 2003 og gjenvald både i 2007 og 2011. Frå 2007 har han også vore Frp sin gruppeleiar i både bystyret og fylkestinget, samt politisk nestformann i Østfold Framstegsparti. Han var ordførarkandidat for Frp i Moss ved vala i 2007 og 2011. Han har tidlegare hatt ei rekkje ungdomspolitiske verv, bl.a. som formann i Østfold FpU (2002–2006) og sentralstyremedlem i FpU (2004–2006).
Skulevalet 2003
endreErlend Wiborg, som då gjekk siste året på vidaregåande, blei rikskjend då han blei skulda for å ha halde opp ein plakat med eit bilete av eit esel då ein blind ungdomspolitikar frå Sp talte på ein skuledebatt under skulevalet på Greåker vgs i 2003. Saka blei slått stort opp i riksmedia (Aftenposten, VG og NRK) under valkampen i 2003.[2] Wiborg avviste påstanden, men vedgjekk at han hadde med ein plakat for å «biletleggjera» nokre av synspunkta sine. Han skal ifølgje media også hevda å ha halde opp plakaten medan andre hadde ordet, og at han forsøkte å vera morosam. Senterpartileiar Åslaug Haga gjekk ut og bad om offisiell orsaking frå formannen i Frp, Carl I. Hagen.[3][4] Ved same høve skal Wiborg ifølgje NRK og Nettavisen ha sagt at dei fleste innvandrarar er kriminelle på ein eller annan måte, noko som skal ha ført til at innvandrarelevar i salen blei lei seg. Wiborg sjølv ville ikkje kommentera dette. [5][6]
Kjelder
endre- ↑ Biografi på Stortinget.no
- ↑ «-Holdt opp eselplakat under skoledebatt». Verdens Gang. 3. september 2003. Henta 20. februar 2007.
- ↑ «Krever unnskyldning fra Carl I. Hagen». NRK Østfold. 4. september 2003. Henta 20. februar 2007.
- ↑ Åpent brev fra leder i Senterpartiet Åslaug Haga til Carl I. Hagen, arkivert frå originalen 1. november 2013, henta 30. oktober 2013
- ↑ Gråt etter skoledebatt. NRK.
- ↑ «- Holdt opp eselplakat foran blind politiker». Nettavisen. 4. september 2003. Arkivert frå originalen 29. september 2007. Henta 20. februar 2007.
- Denne artikkelen bygger på «Erlend Wiborg» frå Wikipedia på bokmål, den 30. oktober 2013.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell heimeside Arkivert 2013-11-02 ved Wayback Machine.
- Profil hjå Østfold Fylkeskommune Arkivert 2013-11-01 ved Wayback Machine.