Erling Petersen

norsk samfunnsøkonom og politikar

Erling Helmer Petersen (13. juli 190629. august 1992) var ein norsk samfunnsøkonom og politikar for Høgre frå Bærum, busett i Oslo. Han var professor i økonomi både ved Norges Handelshøyskole og ved Universitetet i Oslo. Petersen representerte partiet Høgre på Stortinget i 20 år; 1954-73. Jan Petersen er brorsonen hans.

Erling Petersen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. juli 1906
Bærum kommune
Død

29. august 1992 (86 år)
Oslo

Yrke samfunnsøkonom, politikar
Språk norsk
Politisk parti Høgre
Medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi

Erling Petersen var son til ein offentleg tenestemann. Han tok examen artium i 1925 og vart cand.oecon. (statsøkonomi) frå Universitetet i Oslo i 1927. Frå 1929 arbeidde han i Statistisk sentralbyrå. Han var i tillegg universitetsstipendiat frå 1933 og vart i 1939 dr.philos. med avhandlinga Macro-dynamic Aspects of the Equation of Exchange. I 1942 vart han tilsett som professor ved Norges Handelshøyskole, ein posisjon han hadde til 1952. Sommaren og hausten 1945 var han leiar for pengesaneringa i Noreg, og i åra fram til 1953 var han økonomirådgjevar for Noregs Bank. Petersen var professor i statsøkonomi og statistikk ved Universitetet i Oslo frå 1953 til 1973.

Petersen vart vald til stortingsrepresentant for Høgre frå Oslo hausten 1953. Han vart attvald fire gongar og sat såleis på Stortinget til 1973. I den fyrste fireårsperioden var han medlem i Finans- og tollkomiteen, sidan i 16 år i Utanriks- og konstitusjonskomiteen. Han var landsstyremedlem i Høgre frå 1968 til -71.

Petersen skreiv ei rad bøker om pengespørsmål og historieverk om finansverksemder og anna.

Kjelder

endre