Erling Johan Pettersen (fødd 21. februar 1950 i Bergen[1] er ein norsk teolog, prest og biskop i Stavanger bispedøme 2009–2017.[2] Han tok teologisk embetseksamen ved Menighetsfakultetet i 1977 og praktisk-teologisk eksamen i 1979. Same året vart han ordinert til prest. Frå 1977-79 var han tilsett som lærar ved universitetet i Oslo, og var teologisk konsulent ved Diakonhjemmets sosialskole. Frå 1979 arbeidde han som konfirmasjonskonsulent i Kyrkjerådet. I 1985 vart han misjonsprest for Det norske misjonsselskap i Brasil. I perioden 1989-1996 var han instituttstyrar ved IKO. Frå 1996 til 2006 verka han som direktør i Kyrkjerådet. Frå 2006-07 hadde han ei prosjektstilling ved Det praktisk-teologiske seminar. Frå 2007 og fram til bispeutnemninga var han sokneprest i Nordstrand meinigheit i Oslo.

Erling Pettersen

Erling Pettersen
Foto: Vidar Kristiansen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. februar 1950 (74 år)
Bergen
Yrke prest
Tittel Biskop av Stavanger
Periode 2009–2017
Etterfylgjar Ivar Braut
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Erling Pettersen på Commons

Han har vore styreleiar i misjonsorganisasjonen Areopagos, styremedlem i Det praktisk-teologiske seminar, og leidde utforminga av KRL-faget i 1994-95.[3]

Fotnotar endre

  1. «ERLING J. PETTERSEN (59) Sokneprest i Nordstrand, Oslo» (CV). Henta 20. juni 2009. )
  2. «Biskop Erling J. Pettersen går av». Aftenbladet. 8. juni 2016. Henta 3. oktober 2017. 
  3. Gunnar Morsund, Mari Rollag Evensen (19.06.2009). «Erling Pettersen er ny biskop». NRK Rogaland. Henta 20. juni 2009. 

Bakgrunnsstoff endre