Erling Stranden

Erling Stranden (fødd 3. februar 1949) er ein norsk, tidlegare skihoppar som representerte Strømmen & Lillestrøm Skiklubb. Han vart i 1969 noregsmeister i stor bakke i Odnesbakken. I den tysk-austerrikske hoppveka 1965-66 vart han nummer 12 samanlagt, med 10. plassen i Bischofshofen 6. januar 1966 som beste enkeltresultat. I mars 1967 fall Stranden stygt i Vikersundbakken og slo skuldra or ledd.

Erling Stranden
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. februar 1949
Idrett skihopping

Han var norsk landslagstrenar i 1976/77-sesongen.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og rennEndra

  • 1966: Nr 10 i Bischofshofen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskapEndra

  • 1966: Nr 6 i storbakken på Rena
  • 1968: Nr 7 i normalbakken i Ørskog
  • 1969: Gullmedalje i storbakken på Odnes
  • 1970: Nr 7 i storbakken i Meldal
  • 1972. Nr 4 i begge bakkane, høvesvis Trondheim og Odnes
  • 1973: Nr 4 i storbakken på Lillehammer

Stranden er i dag (2011) professor ved Avdeling for helsefag ved Høgskolen i Buskerud i Drammen.

KjelderEndra