Ernst Toller (1. desember 189322. mai 1939) var ein tysk forfattar, politikar og revolusjonær av jødisk opphav.

Ernst Toller

Statsborgarskap Det tyske riket
Fødd 1. desember 1893
Szamocin
Død

22. mai 1939 (45 år)
New York by

Yrke skodespelforfattar, politikar, skribent, manusforfattar, diktarjurist, lyrikar
Politisk parti Unabhängige Sozialdemokratische Partei Deutschlands
Ektefelle Christiane Grautoff
Ernst Toller på Commons

Tollar var ei kort tid leiar av USPD i Bayern i den kortliva Bayerske rådsrepublikken, og slapp såvidt unna dødsstraff som følgje av dette.[1] Seinare vann han ry fyrst og fremst som dramatikar. Etter den nasjonalsosialistiske maktovertakinga i Tyskland emigrerte han til USA. Han utførte sjølvmord der 45 år gammal.

Liv og virke

endre

Bakgrunn

endre

Ernst Toller var fødd i Samotschin i provinsen Posen i Tyskland som yngste son av korngrossisten Mendel Toller og kona hans Ida, fødd Cohn. Ida dreiv kolonialvarehandelen til familien. Familien tilhøyrde den relativt velhavande borgarleg-jødiske krinsen i Samotschin, men leid òg under antisemittismen i tida. Dette førte til faren til å endra fornamnet sitt til Max.

Politikar, fange og forfattar

endre
 
Toller som festningsfange.

Ernst Toller var tidvis leiar for Tysklands uavhengige sosialdemokratiske parti i Bayern og ein forkjempar for den kortliva bayerske rådsrepublikken. Etter at republikken var blitt slått ned i mai 1919, blei Toller dømt til å fem års straff på festning. Han unngjekk dermed dødsdom. Allereie i fengselstida og også seinare kom han med dramaa sine til å bli ein av dei mest tonegjevande representantane for den litterære ekspresjonismen i Weimarrepublikken.

Han emigrerte i 1932, fyrst til Sveits. Etter den nazistiske maktovertakinga i Tyskland i 1933 blei han fråtatt det tyske statsborgarskapet sitt, både på grunn av det jødiske opphavet sitt og den politiske oppfatninga si. Bøkene hans stod på lista nazistane oppretta i 1933 over bøker som blei brunne fordi dei blei rekna som «utyske». Ernst Toller oppheldt seg i fleire forskjellige land, men kom til USA i 1937. Som pasifist og politisk moralist blei han stadig meir resignert i høve til framgangane til fascismen. Han hadde allereie på 1920-talet åtvara mot dette. Depresjonane hans blei stadig djupare, og han utførte sjølvmord i New York i 1939, 45 år gammal.

Nokre av dei best kjende verka til Toller er skodespela Masse Mensch og Hinkemann, som den sjølvbiografiske forteljinga Eine Jugend in Deutschland. Han var òg lyrikar, der særleg diktsyklusen Das Schwalbenbuch kan nemnast.

Det sterkt ekspresjonistiske stykket hans Hoppla, wir leben! tek for seg opprøret i Bayern i 1919. Dramaet hadde premiere i Berlin i 1927 med regi av Erwin Piscator.

  • Die Wandlung, drama, 1919
  • Masse Mensch, drama, 1920
  • Die Maschinenstürmer, drama, 1922
  • Hinkemann, tragedie, 1923
  • Der entfesselte Wotan, komedie, 1923
  • Das Schwalbenbuch, Weimar 1924
  • Hoppla, wir leben!, drama, 1927
  • Justiz. Erlebnisse, 1927
  • Quer Durch, 1930
  • Feuer aus den Kesseln, 1930
  • Die blinde Göttin, 1933
  • Eine Jugend in Deutschland, Amsterdam 1933 (Querido)
  • Nie wieder Friede, 1934
  • Briefe aus dem Gefängnis, 1935
  • Pastor Hall, 1939

Kjelder

endre
  1. «Ernst Toller 1893-1939». LeMO Haus der Geschichte der Bundesrepublik Deutschland. Henta 12. oktober 2015.