Erwin Piscator (17. desember 189330. mars 1966) var ein tysk teatersjef, regissør og skodespelarlærar.

Erwin Piscator

Fødd17. desember 1893
FødestadGreifenstein, Ulm
Død30. mars 1966 (72 år)
DødsstadStarnberg
Verka somsceneinstruktør, filmregissør, regissør, teaterviter, skribent, teaterdirektør, manusforfattar, filmklyppar, filmprodusent
EktefelleMaria Ley
Prisarstort fortjenstkors av Forbundsrepublikken Tysklands fortjenstorden, Goethe-Plakette des Landes Hessen

Liv og verk

endre

Erwin Piscator var elev av den ekspresjonistiske nyskaparen Max Reinhardt. Han var verksam i Berlin i 1919-1931. Oppsetjingane hans var prega av eskperimentell fantasi med bruk av foto- og filmprojektorar. Han talet for ein folketeateridé, og streva etter å utvida den sosiale rekkevidda til teateret. Piscator sitt verk om politisk teater, Das politische Theater (1929), blei brunne av nasjonalsosialister under bokbåla rundt om i Nazi-Tyskland i 1933. Seinare same året fekk han yrkesforbod av teatersektoren innanfor Reichskulturkammer. Han var deretter verksam ei tid i Moskva. Han hadde allereie vendt seg ein del til film, han hadde til dømes skrive manus til Gewitter über Gottland (1927) og regissert Hoppla, wir leben! av Ernst Toller same året. I Sovjetunionen laga han no Vosstanije rybakov (1934). Seinare budde og verka han i Paris og New York og frå 1951 igjen i Tyskland. Han stod òg for gjestespel i Sverige, til dømes i Gøteborg 1954-1955 og Uppsala 1957. Frå 1962 var Erwin Piscator sjef for sitt eige teater, Freie Volksbühne,[1] i Vest-Berlin, som mange då rekna som ein av dei fremste scenane i Tyskland. I 1965 sette han opp den siste førestillinga si her, Ransakningen av Peter Weiss.[1] Piscator skipa omgrepet episk teater.

Bibliografi

endre
  • Das politische Theater. (Berlin: Adalbert Schultz 1929).

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Erwin Piscator». Store norske leksikon (på norsk). 3. januar 2023.