Erotisk eventyr
Erotisk eventyr er ei form for eventyr med erotisk eller pornografisk innhald. Innan eventyrklassifiseringa høyrer desse eventyra til i sjangeren skjemteeventyr.
Erotiske folkeeventyr er truleg like gamle som dei ikkje-erotiske eventyra, men har ofte ikkje vore tekne med i eventyrsamlingar. Asbjørnsen og Moe samla inn ein del erotiske eventyr på ferdene sine, men meinte ikkje dei eigna segfor publisering. Desse såkalla narrationes lubricae («slibrige forteljingar») blei likevel arkivert. Nokre av dei blei trykt på tysk i 1883, og kom ut på norsk på i 1977 som del av samlinga Erotiske folkeeventyr.
Mange erotiske eventyr lever framleis i munnleg tradisjon som vitsar eller grove forteljingar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Erotiske eventyr» frå Wikipedia på bokmål, den 17. januar 2019.
Litteratur
endre- Brudenuggen, 1943. Samling av Reidar Th. Christiansens oppskrifter, illustrert av Thorbjørn Egner.
- Erotiske folkeeventyr, 1977. Kommentarutgave ved Oddbjørg Høgset av Peter Chr. Asbjørnsens, Moltke Moes og Knut Nauthellas oppskrifter.