Eskil Pedersen

norsk politikar

Eskil Pedersen (fødd 6. mars 1984 i Skien) er ein norsk politikar (Ap).

Eskil Pedersen

Eskil Pedersen etter terroråtaka 22. juli 2011.
Fødd6. mars 1984 (40 år)
Skien kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (2013–2017) Sjå dette på Wikidata

Han har vore leiar i Arbeidernes ungdomsfylking (AUF) sidan 17. oktober 2010 og varamedlem av Oslo bystyre sidan 2007. Frå 2015 til 2019 var han fast medlem. Han var leiar i AUF i Telemark frå 2001 til 2004, leiar i AUF i Oslo i 2006 og nestleiar i AUF frå 2006 til 2010. Pedersen var medlem av Telemark fylkesting frå 2003 til 2007 og var då medlem av hovudutvalet for kompetanse. Han har også vore styremedlem i Telemark Nei til EU, nestleiar i Skien AUF og politisk rådgjevar i AUF med ansvar for valkamp og miljøpolitikk. Han var styreleiar i Antirasistisk senter frå 2016 til 2020.

Han er den fyrste opne homofile leiaren av AUF.

Pedersen har eit påbyrja bachelorstudium i statsvitskap og emne i europeiske og amerikanske studie ved Universitetet i Oslo.

Som leiar av AUF, var Eskild Pedersen eit av hovudmåla for Anders Behring Breivik under terroråtaka 22. juli 2011Utøya. Han kom seg i tryggleik ombord i ferja MS «Thorbjørn».

Etter at Pedersen drog seg attende frå rikspolitikken i 2014, har han arbeidd i kommunikasjonsbransjen.


Kjelder endre