Segmental fonologiEndra

VokalarEndra

Estisk har ni vokalar:

Fremre Bakre
i ü      u
e ö    õ o
ä        a

Vokalsystemet er det same som t.d. finsk eller tysk, men i tillegg har estisk ein bakre, urunda vokal õ (med tungestillinga til o og leppestillinga til e). Vokalane kan vere lange eller korte, og dei kan danne diftongar.

KonsonantarEndra

Estisk har 17 konsonantfonem, som alle kan vere kort eller lang.

Konsonantar i estisk
  bilabial labio-
dental
alveolar alveolar
palatalisert
post-
alveolar
palatal velar uvular
Plosivar p   t     k  
Nasalar m   n        
Vibrantar     r          
Frikativar   f v s ʃ     h
Approksimantar           j    
Laterale     l        

Kjelde: SAMPA for estisk

Konsonantane n, t, s, l har palataliserte versjonar. Dei palataliserte konsonantane opptrer framfor i eller j, evt. der det har stått i eller j tidlegare. Eit døme er palk 'bjelke' (finsk palkki) vs. palk 'lønn' (finsk palkka) med palatalisert l, i-en står i genitivforma palgi .

FonotaksEndra

Trykklette stavingar kan innehalde berre korte vokalar, og berre vokalanea, e, i, u og (i namn og lånord) o. Vokalane ä, ö, ü opptrer ikkje i trykklette stavingar, og estisk har, til skilnad frå finsk, ikkje vokalharmoni (jf. estisk/finsk häda/hätä «naud», söövad/syövät «dei et», töötu/työtön «arbeidslaus»). (det finst vokalharmoni i sørestisk).

KvantitetEndra

Kvantitetssystemet er meir komplisert enn i finsk; I staden for eit system med korte og lange lydar er det her mogleg å identifisere tre lengdegradar. Dei lange lydane (eller stavingane) kan vere halvlange eller overlange. Overlang staving kan historisk sett bli sett på som kompensatorisk forlenging, slike stavingar opptrer ofte i tilfelle der stavingstalet i ordet er redusert. Overlengd blir ikkje markert i ortografien (bortsett frå lukkelydar, der halvlang blir skrive med einskild konsonant og overlang med dobbel), i språkvitskaplege framstillingar blir det ofte brukt grav aksent (`). Ordet metsa, som er genitiv av mets («skog») blir uttalt kortare enn illativforma metsa (`metsa) «inn i skogen», illativforma var opphavleg trestava *metsähän.

Skilnadene mellom estisk og finsk fonologi er systematiske; finsk representerer som regel eit eldre språksteg, mens i estisk har trykklette vokalar eller heile stavingar falle bort, jf. estisk-finske par som mets metsä («skog»), terav terävä («kvass»), tütred tyttäret («døtrer»), laevas laivassa («på båten»).

StadievekslingEndra

Estisk har, på same måten som dei fleste samiske og austersjøfinske språk, stadieveksling. Stadieveksling oppfører seg i prinsipp på same måten i alle desse språka, og opptrer i grove trekk i dei same delane av grammatikken i alle språka.



TrykkEndra

Trykket i estisk fell på første stavinga. Til skilnad frå finsk er denne regelen ikkje absolutt: I visse lånord fell trykket på stavingar lenger ut i ordet.