Opna hovudmenyen
Genitiv av bynamnet TurkuÅbo’ er Turun, med stadieveksling k:0. Her avisa Turun Sanomat.

Stadieveksling er ei konsonantveksling som finst i dei samiske språka nord for umesamisk, i dei austersjøfinske språka, og i dei samojediske språka nganasansk og selkupisk.

Stadieveksling kan definerast som ei veksling mellom eit «sterkt» og eit «svakt» stadium av ein konsonant eller konsonantgruppe mellom to vokalar. Vi skil mellom kvalitativ og kvantitativ stadieveksling. I kvantitativ stadieveksling er sterkt stadium langt og svakt stadium kort, i kvalitativ stadieveksling skil konsonantane seg frå kvarandre, til dømes ved at sterkt stadium er ustemt og svakt stadium stemt.

Stadieveksling kan gjerne karakteriserast som «konsonantismen sitt motstykke til omlyd». I finsk og samisk er vekslinga morfologisk styrt, men opphavleg var ho fonologisk styrt.

Innhaldsliste

Døme på stadievekslingEndra

FinskEndra

Det prototypiske tilfellet har vi i tostavingsstammar, der ein ustemt lukkelyd (p, t, k) initialt i den siste stavinga blir lukka av eit suffiks, og som følgje av det blir stemt (i prinsippet b, d, g, men i moderne finsk får vi v, d, Ø). Dermed har vi finsk tapa ‘vane’, katu ‘gate’, joki ‘elv’, som i genitiv, som lukkar stavinga med suffikset -n, blir til tavan, kadun, joen. Dette er døme på kvalitativ stadieveksling.

Vi har også kvantitativ stadieveksling, kuppi ‘kopp’, hattu ‘hatt’, takki ‘jakke, frakk’ blir i genitiv kupin, hatun, takin. Konsonanten i open staving blir kalla sterkt stadium, mens den i lukka staving blir kalla svakt stadium. I dei moderne språka har stadieveksling vorte ei morfologisk veksling — vi kan ha sterkt stadium også i lukka staving og svakt stadium i open, som i finsk nominativ/genitiv liike/liikkeen ‘rørsle’. Her har det tidlegare vore ein final lukkelyd, vi har hatt *liikeʔ/liikkeʔen, med sterkt stadium i open staving, som forventa, i dag er dei fonologiske vilkåra endra, men stadievekslinga har halde seg uendra.

Kvantitativ stadieveksling står sterkare i grammatikken enn kvalitativ. Kvalitativ stadieveksling er nesten ikkje i bruk i nye lånord eller i namn. Gamle lånord som katu 'gate' og lato 'låve' (jf. svensk ladugård) har genitivsformer kadun, ladon. Nyare lånord, som auto 'bil', og namn, som Kati, får ikkje stadieveksling. Spesielt interessant er minimale par som satu/Satu, som både er eit substantiv (som tyder 'eventyr') og eit jentenamn. I genitiv er eventyret sadun, men jenta kan vere både Sadun og Satun. Kvantitativ stadieveksling, derimot, gjeld nesten utan unntak, både for lånord deodorantti - deodorantin, frakki - frakin, teleskooppi - teleskoopin og namn Matti - Matin, Seppo - Sepon, Riikka - Riikan, Otto - Oton (men Anette - Aneten eller Anetten).

SamiskEndra

 
Twol regel for prenasal stadieveksling i nordsamisk

Stadieveksling i samisk har tre ulike stadium.

SelkupiskEndra

Stadieveksling i selkupisk minnar sterkt om den finske, vi har kätto ‘tarm’, genitiv kädön.


NganasanskEndra

Nganasansk har kvalitativ stadieveksling for lukkelydar og frikativar. Stadieveksling opptrer mellom vokalar og i konsonantsamband som består av nasal og lukkelyd. Døme i tabellen nedanfor, alle døma viser sterkt/svakt stadium for nominativ og genitiv eintal:

Stadieveksling Døme Omsetjing
h : b bahi : babi 'villrein'
t : δ ŋuta : ŋuδa 'bær'
k : g məku : məgu 'rygg'
s : dj basa : badja 'jarn'
ŋh : mb koŋhu : kombu 'bølgje'
nt : nd djintə : djində 'boge'
ŋk : ŋg bəŋkə : bəŋgə 'gamme'
ns : njdj bənsə : bənjdjə 'alle'

Historisk-komparative tilhøveEndra

Med stadievekslinga distribuert i dei to utkantane av det uralske språkområdet (i aust og vest), trudde forskarane tidlegare at det var eit ururalsk fenomen, som hadde gått tapt i dei andre uralske språka. No har dei fleste gått bort frå denne teorien, og ser dei austlege og vestlege stadievekslingane som resultat av uavhengige, men parallelle utviklingar. Teorien om parallell utvikling er ikkje så urimeleg, i og med at lydendringane vi ser går att i andre samanhengar i andre språk. Frå eit norsk synspunkt ser vi t.d. at finsk sterkt stadium tilsvarer «norske» konsonantar, mens svakt stadium tilsvarar «danske», i norsk/danske ordpar som hatt / hat og hat / had.

Ei forklaring, fremma av både K. B. Wiklund og Lauri Posti, er at austersjøfinsk stadieveksling er eit lån frå germansk, ei tillemping av Verners lov til austersjøfinsk. Etter Verners lov vart indoeuropeiske ustemte lukkelydar til ustemte frikativar, men viss trykket fall på den (ikkjeinitiale) stavinga etter konsonanten, vart frikativen stemt i staden. Den austersjøfinske varianten seier at viss det kjem ei lett (open) staving etter konsonanten, får han vere ustemt, men viss det kjem ei tung (lukka) staving etter konsonanten, blir han stemt.

Stadieveksling i samisk skil seg frå den austersjøfinske. Her får vi ikkje ei svekking av ustemte konsonantar, men ei forlenging, eller til og med dissimilering av konsonantar i open staving. Eit døme er Sápmi ‘Sameland’, som etymologisk er same ord som finsk Häme ‘Tavastland’ og Suomi ‘Finland’, og som er Sámi i genitiv. Her er -m- den opphavlege konsonanten, og sterkt stadium har fått ein initial -p-. Her kan med andre ord ikkje Verners lov stå bak.


LitteraturEndra

  • Helimski, Eugene 1998: Nganasan. Daniel Abondolo (ed.), The Uralic Languages, s. 480-515. London / New York: Routledge.
  • Posti, Lauri 1953: From Pre-Finnic to Late Proto-Finnic. Studies on the Development of the Consonant System. Finnisch-ugrische Forschungen. Helsinki
  • Wiklund, K. B. 1896 Entwurf einer urlappischen Lautlehre. Helsingfors: Finsk-ugriska sällskapet.