Estisk kroon

(Omdirigert frå Estlandsk krone)

Estisk kroon eller krone (Ekr - Eesti kroon) var valutaen i Estland. Valutakoden er EEK. 1 Kroon (pluralform krooni) = 100 senti (singularform sent). Noregs Bank noterer valutakurs for estikse kroner. Ei estisk krone er notert til mellom 50 og 60 øre (2009).[1]

Estisk kroon

LandEstland
Delt i100 senti
ValutakodeEEK
Innført1928
Avskaffa15. januar 2011
Erstatta avEuro

Valutaen vart innført i 1928 i staden for den tidlegare estiske marken som var innført i 1921. Den estiske krona gjaldt fram til at Estland vart hærteken av Sovjetunionen i 1940, og rubelen vart innført som betalingsmiddel. I juni 1992 vart den estiske krona på nytt innført som valuta istaden for rubelen. Den første tida var ho knytt til D-marken. Då Tyskland innførte euro, vart krona bunden til euroen i staden. Estland vart medlem av EUs pengeunion 1. januar 2011. Etter ein overgangsperiode på to veker er den estiske krona frå og med 15. januar 2011 ikkje lenger gyldig betalingsmiddel, men kan vekslast inn til sentralkurs (1 EUR = 15,6455 EEK) i sentralbanken.

Valutaen vart utmynta av Eesti Pank - EP som vart grunnlagd i 1919 og fornya i 1990. EP har hovudkontor i Tallinn.

Valørar

endre
  • mynt: 1 og 5 krooni
  • underening: 5, 10, 25 og 50 senti
  • setlar: 1, 2, 5, 10, 25, 50, 100 og 500 krooni

Sedlar

endre
Sedlar
Bilete Valør Farge Utsjånad
Framside Bakside Framside Bakside
    1 kroon Oransje/Brun Kristjan Raud Slott Toompea
    2 krooni Grå blå Karl Ernst von Baer Tartu universitet
5 krooni Oransje Paul Keres Narva slott og Ivangorod festning
    10 krooni Raud Jakob Hurt Tamme-Lauri ek
    25 krooni Grøn Anton Hansen Tammsaare Vargamäe by
50 krooni Lysgrøn Rudolf Tobias Estonia-teateret
100 krooni Lysblå Lydia Koidula Baltisk klint
500 krooni Lilla Carl Robert Jakobson Ladusvala

Referansar

endre
  1. Noregs Bank, arkivert frå originalen 26. mars 2009, henta 13. april 2009 

Bakgrunnsstoff

endre