Ivangorod festning

Ivangorod festning ligg i byen Ivangorod i Leningrad oblast i Russland. Ho ligg på austre breidd av elva Narva, ved grensa mellom Russland og Estland, og rett overfor festninga Hermannsfeste i Narva.

Ivangorod festning
Ivangorod-2008-1.jpg
Kart
Ivangorod festning
59°22′27″ N 28°12′27″ E

HistorieEndra

Festninga vart bygd i 1492 under styret til Ivan III av Moskva og vart oppkalla etter han. Festninga hadde til hensikt å forsvare området mot Sverdbrorordenen som kontrollerte området på andre sida av elva, mellom anna festninga Hermannsfeste. Festninga er firkanta, og dekker eit område på 150 m² og har 14 meter høge murar.

Festninga kom under svensk kontroll i 1581, men ved freden i Teusina i 1595 vart ho gjeve attende til russisk kontroll. I 1612 vart han erobra av svenskane att, og freden i Stolbovo i 1617 gjorde slutt på den ingermanlandske krigen og gjorde heile Ingermanland til svensk område att under Gustav II Adolf. I 1704 vart festninga russisk etter at Peter den store erobra ho under den store nordiske krigen.

Festninga er i dag eit museum.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra