Ralph Burns Kellogg (194619. juni 2003), òg kjend som Ethan James, var ein amerikansk musikar, plateprodusent og lydteknikar, mest kjend for arbeidet sitt på Minutemen-albumet Double Nickels on the Dime. Han har òg produsert og lydteknisert album for Black Flag, The Bangles, Rain Parade, Dos, Psychobud og mange andre. Mange av desse innspelingane vart gjorde i Radio Tokyo Studio, som han grunnla tidleg på 1980-talet.

Ethan James
Fødd1946
Død19. juni 2003 (56 år)
OpphavUSA
Verka somingeniør, audioingeniør

Under sitt verkelege namn var han medlem av heavy metal-bandet Blue Cheer frå 1969 til 1972. Han vart rekna som ein meister på dreielire, eit mellomalderinstrument, og var òg kjent for å spela symfonium. James vende tilbake til scena i 1989 og opptredde mellom anna med San Francisco Mozart Festival Orchestra.[1]

James døydde av komplikasjonar frå leverkreft i San Francisco i ein alder av 56 år.

Utvald diskografi

endre
  • Shaking Hands With Kafka (Moll Tonträger, 1993)
  • What Rough Beast (Moll Tonträger, 1995)
  • The Ancient Music Of Christmas (Hannibal Records, 1996)
  • A Garden Of Hurdy-Gurdy Delights (Taqsim Records, 1997)
  • Learning Chinese The Hard Way (Stonegarden Records, 2002)

Kjelder

endre