Opna hovudmenyen

Ettermæle er omdømet til nokon som er død. Ettermælet kan òg syna til oppfinningar, oppdagingar og hugverk utført av ein avliden person. Ettermælet til kjende personar vert ofte diskutert i lang tid etter at dei har gått over i soga.

Personar som har funne opp nyttige ting, eller vore til gagn for samfunnet får som oftast godt ettermæle. Mor Teresa og Linus Pauling, til dømes, har fått gode ettermæle. Personar som har påvirka samfunnet i negativ retning får derimot eit dårleg ettermæl. Som døme på personar med dårleg ettermæle kan ein nemna Adolf Hitler og Pol Pot. Men det er òg vanleg at ettermælet er kontroversielt, som til dømes ettermælet til Knut Hamsun og Mao Zedong.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.