Ein etyde (fransk for 'studie') er ein kort komposisjon for eitt instrument som er laga spesielt for at den som speler får øva på ein særskild. Til dømes er etyden opus 25, nummer 6 av Frederic Chopin laga for at pianistar kan få øva seg på raske parallelle kromatiske tersar, medan nummer 7 i same opus legg vekt på den syngande tonen i ein polyfonisk meoldi og nummer 10 gjev trening i parallelle oktavar.

Litt av ein etyde av Frederic Chopin

Musikkstudier har vorte komponerte sidan 1700-talet, særskilt av Carl Czerny, men det var Chopin som gjorde etyden om til ein viktig musikalsk sjanger. Chopin skreiv i alt 27 etydar, 24 etydar i to sett med tolv etydar kvar, opus 12 og opus 25, i tillegg til tre utanom desse. Andre komponistar som er kjende for etydane sine er Franz Liszt, Robert Schumann, Johannes Brahms, Aleksandr Skrjabin, Claude Debussy og Sergej Rakhmaninov. Det har vorte skrive etydar for andre instrument òg, som til dømes fiolinetydane av Rodolphe Kreutzer.

Medan Chopin sine etydar legg vekt på ei særskilt side av framføringsdugleiken, fokuserer Liszt sine etydar på meistring av framføringa i seg sjølv. Fleire etydar vert òg beundra som musikk i seg sjølv i tillegg til å hjelpa utøvaren å utvikla eigenskapane sine.