Aleksandr Skrjabin

russisk pianist og komponist

Aleksandr Nikolajevitsj Skrjabin (6. januar 187227. april 1915) var ein russisk komponist og pianist som utvikla eit mykje lyrisk og kjenslevart tonespråk. Driven av ein poetisk, filosofisk og estetisk visjon som grensa til mystisisme, vert han halde for å vere ein av forgrunnsfigurane innan russisk og musikalsk symbolisme.

Aleksandr Skrjabin

Fødd6. januar 1872
FødestadMoskva
Død27. april 1915 (43 år)
DødsstadMoskva
FødenamnАлекса́ндр Никола́евич Скря́бин
OpphavDet russiske imperiet
Instrumentpiano
Verka somkomponist, pianist, universitetslærar
MorLjubov Petrovna Sjtsjetinina
FarNikolaj Skrjabin
Gift medTatiana Schlözer, Vera Scriabina
BornJulian Skrjabin, Ariadna Scriabina, Marina Scriabine

Skrjabin framstår som ein av dei mest nyskapande og kontroversielle, av dei som kom i tida etter dei store russiske komponistane frå andre halvdelen av 1800-talet. Det første pianoverket hans var sterkt påverka av Frederic Chopin og Franz Liszt, men snart kom han å gå ein heilt eigen veg. Med sin nyskapande harmonikk var han ein av dei tonesetjarane som rundt sekelskiftet 1900 kom til å bryte opp den tilvande dur- og molltonaliteten. Skrjabin var høgt avhalden i si levetid. Musikken hans har nådd fornya popularitet dei siste tiåra, etter å ha hatt ein nedgang kring midten av 1900-talet. Popularitet mellom pianistar har alltid vore stor.[1]

Skrjabins musikk har påverka tonesetjarar som Olivier Messiaen, Sergej Prokofjev og Igor Stravinskij, trass i at det seiest at Skrjabin ikkje tykte om musikken til korkje Prokofjevs eller Stravinskij.[1]

Biografi endre

Barndom og utdanning (1871–93) endre

Skrjabin vart fødd inn i ein adelsfamilie i Moskva juledagen 1871 i følgje den julianske kalenderen, tilsvarande den 6. januar 1872 etter den gregorianske kalenderen. Familien Skrjabin hadde sterke band til hæren. Far hans og fleire slektningar var offiserar.[2]

 
Nikolaj Zverev med elevane sine. Frå venstre: Samuelson, Skrjabin, Maksimov, Rakhmaninov, Tjernjajev, Keneman og Pressman

Då han var eitt år gammal døydde mor hans, som var konsertpianist, av tuberkulose. Etter hennar død fullførte faren hans ei utdanning i tyrkisk, med mål om å verte diplomat. Han forlet då òg Russland og reiste til Tyrkia. Den unge Skrjabin vart verande att hos farmora, ei faster og farmora si syster. Far hans gifta seg seinare på ny, og Skrjabin fekk dermed fleire halvsyskjen. Som barn fekk Skrjabin høyre mykje pianomusikk, og i anekdotar vert det fortalt om korleis han tvinga fastra til å spela for han.

Han brukte framføre eigne teaterstykke og operaer med dokker som tilskodarar. Han fekk tidleg pianoleksjonar hos Nikolaj Zverev, ein strikt læremeistar, som kring same tid også underviste Sergej Rakhmaninov og andre underbarn.[2] Han gjekk i familiens militære fotspor og byrja i Moskvas Kadettkorps.

Seinare studerte Skrjabin ved Moskvas konservatorium.[3] Han vart ein dyktig pianist trass i at han hadde så små hender at dei knapt rekte over ein none. Han kjende seg utfordra av pianisten Josef Lhévinne og skadde ei hand alvorleg då han øvde på Franz Liszt sitt stykke, Don Giovanni, og Milij Balakirev sin orientalske fantasi Islamej.[4] Lækjaren hans meinte skaden aldri ville verte heilt bra att, og Skrjabin skreiv sitt første storskala meisterverk, F-mollsonaten, som eit «utbrot av sinne mot Gud og lagnaden». År 1892 tok han eksamen og fekk den ”mindre gullmedaljen” i pianospel. Han gjekk aldri opp i eksamen i komposisjon, grunna den store ulikskapen i personlegdom og musikksmak som rådde mellom han og Arenskij, og hans uvilje mot å skrive i musikalske former som ikkje interesserte han.[2]

Pianist og komponist (1894–1915) endre

Skrjabin debuterte som pianist 1894 i St. Petersburg. Han spelte sine eigne verk og fekk svært god mottaking. Same året avtalte han med Mitrofan Belajev om å få skrive musikk for denne sitt musikkforlag. På same forlag fanst allereie namngjetne karar som Nikolaj Rimskij-Korsakov og Aleksandr Glazunov.[2] Han la ut på ein omfattande turne i Russland og utanlands, som enda med eineståande suksess i 1898. Same året vart han professor i pianospel ved Moskvakonservatoriet. I denne perioden skreiv han sine 12 etyder, op. 8, fleire oppsetjingar av preludium, sine første tre pianosonatar, den einaste pianokonserten og mange andre verk, hovudsakleg for piano.

Skrjabin budde fleire år i Sveits. Med økonomisk støtte frå ein rik mesen reiste han i mange år mellom Italia, Frankrike, Belgia og USA, samstundes som han arbeidde på meir orkestermusikk, derimellom fleire symfoniar. Han byrja også å skrive ”poèmes” (dikt) for piano, ei komposisjonsform han ofte vert knytt til.

Han slo seg ned i Paris med familien i 1907, og medverka i fleire konsertar organisert av impressarioen Sergej Djagilev som på den tida aktivt arbeidde for å framføre russisk musikk i Vest-Europa.

År 1910 vende han tilbake til Russland for godt og heldt fram å komponere. Han arbeide med fleire storarta prosjekt, dels ein serie pianosonatar og mindre pianoverk, dels tonediktet Prometheus: Eldens dikt som vart uroppført i St. Petersburg 1910. Samstundes heldt han fram med å turnere som konsertpianist.

I alle Skrjabins verk etter 1908 er tonaliteten dels svevande eller heilt sett or spel. Melodiar og rytmiske element vert gjentekne, driv over toneskalaen og vert fortetta, men leiar ikkje til nokon tydeleg tematisk utvikling gjennom heile verket. Klangen vert viktigare enn tonearten, og det finst ei openberr erotisk atmosfære i mange verk (td. Vers la Flamme ("I mot logen"), op.72 for piano, eit kort preludium som synest gestalte ei stigande sensuell ekstase eller orgasme, eller i dei siste tre pianosonatane 1912-13. I samtida og langt etter hans død vekte dette elementet hissige kontroversar, og både Stravinskij og 1920-talets nysaklige komponistar var ivrige etter å distansere seg frå Skrjabin. Skissene hans til Mysterium, 1914-15, inneheld forsøk med tolvtoneharmonikk, om kring ti år før Schönberg prøvde denne forma. Skrjabin kan såleis sjåast som ein føregangsmann til den serielle musikken, som kom på 1950-talet.[5]

Prometheus kan oppfattast som ei forstudie til Mysterium, det store orkester- og korverket som Skrjabin såg som krona på verket sitt. Han hadde gått med planane sidan om lag 1905, dei omfatta òg multimedia-element. Dette store verket skulle framførast i eit tempel i Himalaya og føre til ei kosmisk omvelting. Denne ”grandiose, religiøse syntesen av alle kunstartar som skulle varsle den nye verdas fødsel”.[6] Skrjabin let etter seg berre skisser til dette verket "Mystères" (=mysterier). Skissene har seinare vorte sett saman til eit spelbart verk av Aleksandr Nemtin.[7]

Skrjabin var liten og oppfatta som sjukleg, og som hypokondrisk heile sitt liv. Han døydde 43 år gammal i Moskva. Dødsårsaka var blodforgifting, utløyst av eit sårkutt under barberinga eller av ein byll på leppa.

Musikk endre

Verk endre

 
Innleiinga til Skrjabins Etyde op. 8 nr. 12.

Musikalsk stil og påverknader endre

Mange av Skrjabins verk vart skrivne for piano. Dei tidlegaste verka minner om Chopin og består av verk i same form som Chopin ofte nytta; etydar, preludium, nocturner og masurkaer.

Gjennom livet endra musikken hans seg, og utviklinga var særleg snøgg og nådde langt jamført med andre komponistar. Bortsett frå dei tidlegaste verka er musikken påfallande original. I midtperioden sin og mot slutten utnyttar han uvanlege harmoniar og strukturar. Utviklinga av hans ansats og stil og kan følgjast i hans ti pianosonatar: dei tidlegaste er ganske konvensjonelt seinromantiske og viser påverknad frå Chopin og Franz Liszt, medan dei seinare nærmar seg mot eit nytt og originalt landskap og dei siste fem er notesette utan at tonearten vert angitt. Fleire avsnitt i desse kan sjåast som atonale.[8]

Filosofisk påverknad endre

Skrjabin var interessert i Friedrich Nietzsche sin teori om overmenneske, og vart seinare også oppteken av teosofi. Begge desse straumdraga kom til å påverke musikken hans, og hans tankar om musikk. Då han budde i Brussel mellom 1909 og 1910 kom han i kontakt med den teosofiske rørsla leia av Jean Deville, og heldt fram med å lese Helena Blavatsky.[8]

Skrjabin utvikla sin eigen, særs personlege og abstrakte mystisisme. Synet hans på røyndomen minner om Platon og Aristoteles sine teoriar, men er eterisk og motsetnadsfull. Kjeldene til dei filosofiske tankane hans finst i hans tallause, upubliserte notatbøker. I ei av dei skreiv han det velkjende ”Eg er Gud”. Attåt notatar finst det avanserte tekniske diagram som forklarar tankane hans om metafysikk. Skrjabin nytta også poesi som eit middel til å uttrykke sine filosofiske idear. Dessutan finst mange av dei filosofiske tankane hans oversett til musikk, det mest påtakelege dømet er hans «messianske» sjuande sonate, Kvit Messe.

Fargepåverknad endre

 
Toneartene ordna i ein kvintsirkel for å vise relasjonen til eit fargespektrum
 
Dei syntetiske fargane som dei vert skildra av Skrjabin

Fargesystemet sitt stiller han opp i ein sirkel med fem segment. Det var eit gjennomtenkt system basert på Isaac Newton sitt Opticks. Her må nemnast at Skrjabin ikkje gjorde skilnad mellom dur- og molltonalitetar med same namn (til dømes C-dur og c-moll). Påverka av teosofien sine doktrinar utviklar han systemet sitt til det som kunne ha vorte eit pionerprosjekt innom multimedia/performance; hans ufullførte magnum opus Mystèressom skulle verte ei stor vekelang førestilling med musikk, dufter, dans og lyssetting av utløparane frå Himalaya og som skulle ha skapt ei forløyst, sæl verd.

Skrjabin skreiv eit fåtal orkesterverk, men desse er mellom hans mest kjende verk. Nokre av desse vert ofte framført, som ein pianokonsert frå 1896, symfoni nr. 4, og det symfoniske diktet Le poème de l'extase frå 1908. Det symfoniske diktet Prometheus, Le poème de feu frå 1910, skulle ha med eit parti med «tastiéra per luce». Dette instrumentet skulle vere eit slags fargeorgel bygt særskilt til oppføringa av dette verket. Framføringane av dette verket, inklusive uroppføringa, har ikkje inkludert lysspelet, men ved ei framføring i New York i 1915 vart fargar projisert på ein skjerm. Skrjabin sitt originalorgel, med skivetallerk med farga lampar finst bevart i heimen hans i Moskva. Heimen er no museum over Skrjabins liv og verk.

Media endre

I januar 1910 spelte Skrjabin inn ni av sina eigne komposisjonar for Welte-Mignonpianorullar. Resultatet har vorte overført til:

Kjelder endre

Fotnotar
  1. 1,0 1,1 Bowers, Faubion (1966). «Scriabin Again and Again». Aspen Magazine (New York: Roaring Fork Press). OCLC 50534422. Henta 14 april 2008. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Bowers, Faubion (1996). Scriabin, a Biography. New York: Dover Publications. ISBN 9780486288970. OCLC 33405309. 
  3. Moskvas konservatorium (engelsk), arkivert frå originalen 11. september 2010, henta 17. juli 2011 
  4. Scholes, Percy (1969) [1924]. Crotchets: A Few Short Musical Notes. Freeport, NY: Books for Libraries Press. s. 141. ISBN 9780722258361. OCLC 855415.  ISBN is for January 2001 edition.
  5. sjå artikkelen om "Skryabin, Alexander" i New Grove Dictionary of Music and Musicians
  6. Minderovic, Zoran. «Alexander Scriabin». Biography. Allmusic. Henta 9. december 2007. [daud lenkje]
  7. Benson, Robert E. (oktober 2000). «Scriabin's Mysterium». Nuances. Preparation for The Final Mystery. Classical CD Review. Henta 9. desember 2007.  Arkivert 2007-12-30 ved Wayback Machine.
  8. 8,0 8,1 Samson, Jim (1977). Music in Transition: A Study of Tonal Expansion and Atonality, 1900–1920. New York: W. W. Norton & Company. ISBN 9780393021936. OCLC 3240273. 

Bakgrunnsstoff endre

Notesamling endre