Robert Schumann

tysk romantisk komponist

Robert Schumann (8. juni 181029. juli 1856) var ein tysk romantisk komponist. Han var fødd i Zwickau og gift med pianisten Clara Schumann, som han komponerte fleire verk for.

Robert Schumann

Statsborgarskap Kongeriket Sachsen
Fødd 8. juni 1810
Zwickau
Død

29. juli 1856 (46 år)
Endenich, Bonn

Yrke komponist, pianist, musikkritikar, dirigent, musikkforskar, musikkpedagog, skribent
Språk tysk
Medlem av Leipziger Burschenschaft Germania
Far August Schumann
Ektefelle Clara Schumann
Partnar Ernestine von Fricken
Robert Schumann på Commons

Tidleg i karrieren var Schumann ein god pianist, men etter ei fingerskade måtte han slutte å spele, og konsentrerte seg då heilt om komposisjon. Han skreiv 250 songar, og mange klaververk, som Arabeske, Papillons, Kreisleriana, Faschingsschwank aus Wien, Carnaval, Abegg Variationen, Kinderszenen, Album für die Jugend og Davidsbündlertänze. For Johannes Brahms var Schumann ei viktig kjelde til inspirasjon.

Schumann fekk etterkvart store mentale problem, og enda livet sitt på ein anstalt for psykisk sjuke som låg i Endenich ved Bonn.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Robert Schumann
  Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Robert Schumann
  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.