Eudidymitt er eit mineral som først vart skildra frå nefelinsyenittpegmatittar i Langesundsfjorden av Waldemar C. Brøgger i 1887. Den kjemiske samansetjinga er NaBeSi3O7(OH), eit hydroksylhaldig natrium-beryllium-silikat med monoklin symmetri. Ei dimorf form med rombisk symmetri, epididymitt, er òg kjent frå Langesundsfjorden. Begge minerala er oftast fargelause til kvite og viser perlemorglans på spalteflater. Dei kjennest mellom anna òg frå nefelinsyenittpegmatittar på Grønland og Kola.

Kjelder endre