Eudyptes
Eudyptes | |
![]() Gulltoppingvin, Eudyptes chrysolophus på Sør-Georgia. Foto: Serge Ouachée
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Aequornithes |
Orden: | Sphenisciformes |
Familie: | Pingvinar Spheniscidae |
Slekt: | Eudyptes Vieillot, 1817 |
Eudyptes er ei biologisk slekt av seks pingvinartar. Felles karakteristiske trekk inkluderer iaugefallande gulfarga fjørpryd på hovudet, som kraftige augebryn, dessutan raudfarge i nebbet, og rosa føter. Dei hekkar på New Zealand og sub-antarktiske øyar i Sørishavet. Alle legg to egg, men det første egget dei legg er vesentleg mindre enn den andre.
Skildring endre
Lætet frå desse fuglane er meir samansett enn blant andre pingvinartar, med varierte strofer av ulik lengd.[1]
Eudyptes-pingvinar hekkar på øyar i dei sørlege delar av verdshava, det største mangfaldet finn ein rundt New Zealand og omkringliggande øyar. Kurtise og åtferd ved hekking er meir utvikla enn blant andre pingvinartar.[2] Begge kjønna tar del i ruging av egg og ungar.[3]
Desse pingvinane legg to egg, men det første er mindre enn det andre. Alle artane viser det sjeldne fenomenet, den første egget (eller egg-A) er monaleg mindre enn den andre (egg-B). Det er mest ekstremt hos klippehopparpingvin, kor det første egget gjennomsnitt berre har 60 % av storleiken til det andre egget.[4] Grunnen til dette fenomenet er enno ukjent.
Artsliste endre
Eudyptes i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[5] med norske namn etter Ny verdensliste med norske fuglenavn NOF, 20.04.2017
- Skogpingvin, Eudyptes pachyrhynchus, Fiordland Penguin, VU
- Hornpingvin, Eudyptes sclateri, Erect-crested Penguin, EN
- Gulltoppingvin, Eudyptes chrysolophus, Macaroni Penguin, VU
- Kvitkinnpingvin, Eudyptes schlegeli, Royal Penguin, VU
- Klippehopparpingvin, Eudyptes chrysocome, Rockhopper Penguin, VU
- Langduskpingvin, Eudyptes moseleyi, Tristan Penguin, EN
- Snarespingvin, Eudyptes robustus, Snares Penguin, VU
Kjelder endre
- Denne artikkelen byggjer på «Crested penguin» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juli 2012, artikkelen gav følgjande referanse:
- Williams, Tony D. (1995). The Penguins. Oxford, England: Oxford University Press. ISBN 0-19-854667-X.
Referansar endre
- ↑ Williams (The Penguins) p. 69
- ↑ Williams (The Penguins) p. 52
- ↑ Williams (The Penguins) p. 76
- ↑ Williams (The Penguins) p. 38
- ↑ Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta =23. desember 2017