Klippehopparpingvin

Klippehopparpingvin
Klippehopparpingvin, Eudyptes chrysocome på Falklandsøyane. Foto: Samuel Blanc
Klippehopparpingvin, Eudyptes chrysocomeFalklandsøyane.
Foto: Samuel Blanc
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Klippehopparpingvin
Utbreiinga av Klippehopparpingvin
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sphenisciformes
Familie: Pingvinar Spheniscidae
Slekt: Eudyptes
Art: Klippehopparpingvin E. chrysocome
Vitskapleg namn
Eudyptes chrysocome

Klippehopparpingvin (Eudyptes chrysocome) er ein liten pingvin som lever på øyar rundt heile Antarktis samt heilt sør i Sør-Amerika. Pingvinen kan delast inn i to underartar: E. c. chrysocome, sørleg utbreiing, og E. c. filholi, austleg utbreiing. Tidlegare var òg Eudyptes moseleyi, nordleg, rekna som ein underart.

Eudyptes chrysocome

Pingvinen blir 45-58 cm lang og veg oftast 2-3 kg. Han kan kjenneteiknast på eit sterkt gulfarga augnebryn som held fram bak auga. Dei lever på krill, blekksprut, plankton, blautdyr og krepsdyr.

Klippehopparpingvinen «Rocky» frå Akvariet i Bergen held rekorden for verdas eldste klippehopparpingvin. «Rocky» døydde i oktober 2003, 29 år og 4 månader gamal

KjeldeEndra