Europameisterskapen på skeiser 1994

Europameisterskapane på skeiser 1994 for menn og for kvinner vart avvikla i Vikingskipet på Hamar frå fredag 7. og til sundag 9. januar. 28 menn og 23 kvinner frå 14 land deltok i meisterskapen. Deltakarane kom frå Austerrike, Finland, Frankrike, Italia, Nederland, Noreg, Polen, Romania, Russland, Sveits, Sverige, Tsjekkia, Tyskland og Ukraina.

Noreg stilte med tre menn: Steinar Johansen, Johann Olav Koss, Kjell Storelid, og like mange kvinner: Hege Langli, Anette Tønsberg og Else Ragni Yttredal. Koss var best av dei norske med sin andreplass, Storelid vart nummer 5, Johansen nr 6 og Tønsberg nr 10.

Rintje Ritsma frå Nederland vart meister framom Johann Olav Koss, siste to år meister, Falko Zandstra, kom på tredjeplass. Ritsma gjekk inn til bestetider på dei tre fyrste distansane, Koss vann milløpet. Tysklands Gunda Kleemann vart europameister for kvinner, på dei neste plassane kom Svetlana Bazjanova frå Russland og fjorårsvinnar Emese Hunyady. Hunyady var best av alle på dei to kortaste distansane, Kleemann på dei to lengste.

Skeise-EM 1994, mennEndra

Plass Utøvar Land Poeng
  Rintje Ritsma   Nederland 156,201
  Johann Olav Koss   Noreg 157,257
  Falko Zandstra   Nederland 157,686
4 Ids Postma   Nederland 158,877
5 Kjell Storelid   Noreg 160,300
6 Steinar Johansen   Noreg 160,473
7 Jurij Sjulga   Ukraina 161,159
8 Jaromir Radke   Polen 161,221
9 Aleksandr Anufrijenko   Russland 161,650
10 Jonas Schön   Sverige 162,162

Dato: 7./9. januar

Skeise-EM 1994, kvinnerEndra

Plass Utøvar Land Poeng
  Gunda Kleemann   Tyskland 167,272
  Svetlana Bazjanova   Russland 170,263
  Emese Hunyady   Austerrike 170,473
4 Annamarie Thomas   Nederland 171,952
5 Ulrike Adeberg   Tyskland 172,467
6 Carla Zijlstra   Nederland 172,974
7 Mihaela Dascălu   Romania 172,990
8 Tonny de Jong   Nederland 173,794
9 Heike Schalling   Tyskland 174,061
10 Anette Tønsberg   Noreg 175,239
11 Cerasela Hordobetiu   Romania 175,886

Dato: 7./9. januar

KjelderEndra