Svetlana Bazjanova
Svetlana Valerjevna Bazjanova (fødd 1. desember 1972) er ein russisk tidlegare skeiseløpar frå Tsjeljabinsk som under Vinter-OL 1994 vart olympisk meister på 3 000 meter.[1]
Svetlana Bazjanova | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland |
Fødd | 1. desember 1972 (52 år) Tsjeljabinsk |
Idrett | lengdeløp på skeiser |
Tok del i | Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1998, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1994 – 3000 meter damer |
Utmerkingar | Æresordenen, Venskapsordenen |
Bazjanova deltok i dei olympiske vinterleikane 1992 i Albertville og vart nummer seks på 1500 m og sju på både 3 000 m og 5 000 m. Året etter tok ho tredjeplassen ved europameisterskapen i Heerenveen. I januar 1994 sikra ho seg andreplassen då EM fann stad i Vikingskipet på Hamar, nesten tre tidspoeng bak suverene Gunda Kleemann frå Tyskland. Ein månad seinare overraska ho med å vinne gullmedaljen på 3 000 m under OL 1994 på den same arenaen, 0,7 sekund føre Emese Hunyady og med Claudia Pechstein på bronseplassen.
Framom til 2000 høyrde Bazjanova med i verdstoppen på dei lengre distansane og i firkamp, utan at ho makta kapre fleire medaljar enn ein bronse då EM 1998 vart avvikla i Helsinki. Ho la opp i 2003.
Svetlana Bazjanova gifta seg med skeiseløparen Vadim Sajutin i 1994.[1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Svetlana Bazhanova, olympedia.org
- Denne artikkelen bygger på «Svetlana Bazjanova» frå Wikipedia på nederlandsk, den 19. februar 2018.