Kjell Storelid
Kjell Storelid (fødd 24. oktober 1970) er ein norsk tidlegare skeiseløpar fødd i Naustdal, oppvaksen på Stord. Han vann sølvmedaljen på både 5 000 m og 10 000 m under Vinter-OL 1994 på Hamar, og vart norsk firkampmeister i 1997. Storelid var medlem av Stord Turn og Idrettslag, før han ei tid var med i Skøyteklubben -94 og så atter i Stord Turn og Idrettslag.
Kjell Storelid | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. oktober 1970 (54 år) Stord kommune |
Yrke | skøyteløpar |
Storelid fekk sitt gjennombrot i 1994-sesongen. Han vart femtemann i EM på Hamar og nummer seks ved VM i Göteborg. Seks veker etter EM i det nybygde Vikingskipet tok Storelid på same arenaen sølv på 5000 m etter landsmannen Johann Olav Koss, før dei same to og i same rekkefylgje også syrgde for norsk dobbeltsiger i milløpet.
Langdistansespesialisten Storelid enda på sjuandeplass i EM 1995 og vart femtemann i EM 1997 i Heerenveen. Etter andre- og tredjeplass i firkamp NM 1994 og 1995, lukkast Storelid å verte noregsmeister under NM 1997 i Bergen.
Under Vinter-OL 1998 i Nagano enda Storelid på femteplass på 10 000 m og åttande på 5 000 m. Fire år seinare vart han nummer åtte på 10 000 m då Vinter-OL 2002 fann stad i Salt Lake City.
Storelid vann fem NM i distanseløp; på 10 000 meter i 1993 og 1995, og på 5 000 meter i 1994, 1995 og 2001.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kjell Storelid» frå Wikipedia på bokmål, den 16. november 2016.